Det seier Torstein Viken, onaværing som saman med kona Turid Bente Myrvang har budd i fyrvaktarbustaden dei siste 35 åra.

20. og 21. oktober blir det stor fyr-feiring på Ona. Om ettermiddagen fredag 20. oktober går dei frammøtte opp til fyret, der regiondirektør Harald Tronstad i Kystverket ønsker velkomen. Klokka 16.53 skålar dei i musserande drikke og markerer at det er nøyaktig 150 år sidan fyret vart tend for første gong.

– Sidan går det slag i slag med eit variert program, seier Torstein Viken i arrangementskomiteen.

Feira 250 år: Folketalet på Runde vart firedobla under fyrjubileet

Pubkveld

Fredag kveld er det først føredrag på forsamlingshuset Stormly ved museumsdirektør Knut Baar frå Lindesnes fyrmuseum, før det blir pubkveld på Ona Havstuer.

Laurdag står godbitane i kø, mellom anna med omvising på fyret og i fyrvaktarbustaden.

På Stormly fortel Jarle Sanden, museumsdirektør ved Romsdalsmuseet, om Ona på 1800-talet, medan konservator Gunnar Molden frå Næs Jernverksmuseum tek for seg bruken av jarn i norske fyr.

TIL ONA Frode Pilskog, avdelingsleiar ved Dalsfjord Fyrmuseum, skal til Ona for å fortelje om dei som bygde fyret på fiskeværet.

Frode Pilskog, avdelingsleiar ved Dalsfjord fyrmuseum skal snakke om fyrbyggarane, medan filosof og forfattar Kirsti Mathilde Thorheim les dikt, og kantor Robert Coates kjem med ei musikalsk helsing. Også Trond Ihle og Svein Løvold held ein minikonsert.

Programmet på Stormly vert leia av Svein Bjørnerem.

Ona Havstuer byr på jubileumsmeny, og på Stormly blir laurdagskvelden avrunda med dans.

– Du må ta med at både Sandøy kommune og Kystverket har støtta dette arrangementet økonomisk, seier ein oppglødd Torstein Viken.

Støypt i Horten

Han har samla historia til Ona fyr, og kan mellom anna fortelje at det 14,7 meter høge støypejarnstårnet vart produsert ved Marinens Hovedverft i Horten. Lyktehuset var det Akers Mek. Verksted i Kristiania som laga. Tårnet og lyktehuset kom til Ona i fleire delar.

BUSTAD Fyrvaktarbustaden ligg til høgre for fyret på Ona. Her har familien Myrvang/Viken budd dei siste 35 åra.

Arbeidet med å byggje fyret og fyrstasjonen var det eit arbeidslag frå Volda og Dalsfjorden som stod for.

Sjølve fyrapparatet vart laga i Paris av Henry Lepaute.

Fyret vart elektrifisert i 1954, automatisert i 1971 – og lyser framleis.