Lemenjegeren Jack Russel-terriertispa Bianca er livsfarleg for alle dumdristige lemen som nærmar seg gardstunet. Og dumme og dristige og lite diskrete er jo lemen kjende for å vere ...

Den vesle Jack Russel-terrieren Bianca på Bjørke har det styggtravelt om dagen. Ho patruljerer regelmessig og årvakent mellom løde og uthus – og snappar eit nytt lemen straks ho får sjansen. Og straks kjem der som regel eit nytt, som også må stoppast og fraktast til trofesamlinga ved troppa til våningshuset. Ei bøtte er alt full.

– Ho er ikkje til å stoppe, fortel hundeeigar Randi Myklebust.

– Men et dei vesle dyra ho fangar gjer ho ikkje. Dette ser ut til å handle om eit utøyleleg jaktinstinkt, stadfestar eigaren.

Ein nydeleg pelsball

Eitt eksemplar av lemmus lemmus ser likevel ut til å ane uråd. Tett ved eit gøymehol i uthusmuren sit han som nagla fast i steinen under seg – plirande med kolsvarte auge – der fremst på pelsballen.

Vi får nærbilde av sjarmøren, som fyl hunden med auga. Og på nært hald: For ein fargevakker og fin liten krabat!

Men – tre meter bak oss lurer altså Bianca – framleis i modus haustjakt.

No er vi for nær, og pelsdotten finn holet i muren og forduftar. Så slepp vi å sjå ein blodig massakre i miniatyr – på ein elles vakker dag. Bianca har på si side jobba døgnskift snart ei veke. Ei heil bøtte er full av lemen, og må tømmast om dette held fram.

Flatklistra frendar

Alt på sjølvaste valdagen 11. september fekk vi sjå det første teiknet til lokalt lemenår, under reportasjetur til Bjørke.

Flat Det er ikkje berre levande rovdyr som tek rotta på lemen – her er det bilhjul som har gjort skaden.

Eit eksemplar renner seg rett ut i bilvegen og ensar ingen fare. Nedbremsing, men lemenet rusar rett inn i høgre framhjul, finn omveg og rushar rett forbi eit par flatklistra artsfrendar.

Etter kva vi har forstått er lemenår eit fenomen som helst utspelar seg i fjellet. Og med om lag fire fem års mellomrom. Kring Bjørke er fjella skyhøge og steile. Kanskje har lemenhordane ramla ned fjellsidene og hamna her på livsfarleg tunnivå? Til lenger nord, til vanlegare med lågtgåande lemen.

Aldeles ikkje på raudlista

I leksika finn vi elles følgjande klassifiseringar av døgnflugedyret lemen:

  • Vitskapleg namn: Linnaeus, 1758.

  • Rike: Dyreriket.

  • Rekke: Ryggstrengdyr.

  • Klasse: Pattedyr.

  • Orden: Gnagarar.

  • Familie: Hamsterfamilien.

  • Slekt: Lemmus.

  • Raudlistestatus: Livskraftig.

Dyret utgjer ei svært viktig næringskjelde for mindre rovdyr og ulike rovfuglartar, som får markerte oppsving i lemenår. Mellom folk flest har lemenet ry som ein evig hardhaus og ein hissigpropp. Farleg liv!