Ut frå signala ligg det an til at den såkalla tiltakspakka frå regjeringa, ikkje blir vidareført når regjeringa legg fram forslag til statsbudsjett 12. oktober. Det likar Frp-ordførar Knut Erik Engh dårleg.

– Vi har sjølvsagt kontakt inn mot eiga stortingsgruppe i denne saka, og eg oppfattar at dei er lydhøre og forstår at vi har ein utfordrande situasjon, seier Engh.

Utfordrar andre parti

Spesielt dei to nabokommunane Ulstein og Hareid sliter med høg arbeidsløyse – og motsetning til utviklinga elles i fylket.

– Dette har vore tiltak vi kunne sette raskt i gang, og som har hjelpt både enkeltpersonar til å få noko å gjere, men også bedrifter som har ledig kapasitet, påpeiker Engh.

Engh oppmodar også andre parti til å vere på ballen og forsøke påverke.

Les også: Slik gikk det med krisepengene på Sunnmøre

(saka held fram under)

Også Hareid-ordførar Anders Riise (H) sa nyleg til Sunnmørsposten at han håpte på ekstra draghjelp for å takle høg arbeidsløyse. Men Riise har større tro på meir varige omstillingsmidlar frå fylket, eller at kommunen kan få lågare arbeidsgjevaravgift - som begge kan gi meir varig hjelp.

To grupper sliter tungt

Ulstein-ordføraren er uroa over dei som blir ståande lenge utan arbeid, og ser at det blir vanskelegare både å få lærlingplassar og praksis.

– Det er spesielt bekymringsfullt for to grupper – flyktningar og unge – som har vanskeleg for å kome i arbeid. Desse risikerer å bli verande utanfor arbeidslivet i lengre tid på grunn av manglande arbeidserfaring å vise til. fortel han.

Les også: Stoppa jobbprosjekt for innvandrarar (for abonnentar)

Engh trur NAV er dei som best kan styre ein ekstra innsats mot kommunar som er hardast råka, men også kommune har gjort tiltak. Mellom anna ved å doble inntaket av lærlingar frå 8 til 16.

Treng fleire bein

Ordføraren påpeiker likevel at det som vil monne mest, er å få fart på økonomien generelt. For det oljeavhengige næringslivet på Nordvestlandet betyr det at ein treng høgare oljeaktivitet på sokkelen.

– Bør lokalt næringsliv jobbe for å få fleire bein å stå på?

– Ja, og det opplever vi skjer også, mellom anna med verfta som satsar på cruise og fiskeri. Men for offshorereiarlaga er det ikkje så lett å finne nye marknader, og det same gjeld for mange utstyrsleverandørar. Difor treng vi meir aktivitet også i oljebransjen, seier han.

Auka utgifter og skattesvikt

Kommunen merkar godt at bedriftene sliter og at arbeidsløysa no er mellom dei høgste i landet. Utbetalingane til sosialhjelp aukar - ikkje til arbeidsledige generelt, men for flyktningar spesielt.

Samstundes sviktar skatteinntektene. I fjor fekk dei kring 12 millionar mindre enn året før, til trass for at folketalet auka, og trenden har fortsatt i inneverande år.

Mykje av forklaringa ligg i at formuene og dermed formueskatten har forsvunne. Rapportar frå varehandelen viser også lågare inntekter og hotellet har opplevd mindre besøk frå næringslivet.

– Men eg er evig optimist og trur ting løyser seg på sikt. Sjølv om vi vil ha god nytte av litt draghjelp no, så er vi ikkje vande med å krevje at andre skal løyse ting for oss, vi Sunnmøringar har vore gjennom liknande før og kome styrka ut av det, avsluttar Engh.