Onsdag 4. oktober blir det difor invitert til bygdamøte på Hellesylt der det blir gjeve informasjon om den nye satsinga og samarbeidet som er inngått med Verdsarvstiftinga – med oppbygging av ny utstilling.

På folkemøtet ønsker ein å ha ei idémyldring der ein kan utvikle idear om korleis ein byggjer reiselivsprodukt kring galleriet og andre produkt i bygda.

Vidare er det gjennomført ei aksjeutviding ved galleriet som skal finansiere ei ombygging av kafeteriaen.

Det er også planar om å lage ein bildebank med lokale foto av folk og fe.

Neste år blir det dagleg drift av galleriet frå 1. mai.