Glen Børge Løset Flø: – Heilt overveldande

– Ei tung byrde er tatt av skuldrane, seier mobbeofferet etter at lagmannsretten ga han medhald i rettssaka mot Ulstein kommune.

Sunnmørsposten møtte Glen Børge Løset Flø, ein times tid etter at han fekk vite at han har fått medhald i lagmannsretten.  Foto: Olav Standal Tangen

Nyheter

Glen Børge Løset Flø gjekk til sak mot Ulstein kommune etter at han hevda seg utsett for omfattande mobbing i grunnskulen.

No har han fått medhald også i ankesaka.

– Eg er nesten mållaus, seier Flø til Sunnmørsposten.

– Det var vanskeleg i starten, og det var tøft i ein periode. Men ta tida til hjelp, så vil du kome ut sterkare av ei rettssak, seier Flø til Sunnmørsposten.

Feire i ro og fred

Dagen skal han feire i ro og fred saman med ein kamerat.

– Eg er ikkje så sosial av meg, eg skal vere hos ein kompis. Eg skal slappe heilt av, tenker eg.

Han meiner dommen vil endre rettspraksis rundt mobbesaker. No anbefaler han andre til å ta same kampen.

Anbefaler andre å ta kampen

– Du vil kome sterkare ut av ei rettssak fordi du får møte dei som har påført deg skadane. Du vil sjå at dei er heilt andre personar i dag. Kanskje kjem det også nokon og ber om unnskyldning. Og du får bearbeide det som ein vaksen person, seier han.

Ulstein kommune er dømt til å betale ei erstatning på i overkant av 1,6 millionar kroner. I tillegg er kommunen dømt til å betale nærare 300.000 kroner i økonomisk tap og 200.000 kroner i sakskostnader.

Gjorde det for sonen sin

– Det viktigaste med dette er at sonen min er sikra i framtida, seier Løset Flø og held fram:

– Ein av dei viktigaste motivasjonane til å gå inn i saka var sonen min. Eg vil alltid vil kunne klare meg, men han er berre fire år og vil trenge støtte i mange år framover. Dersom eg skulle ramle utanfor arbeidslivet, så skal sonen min i alle fall ikkje mangle noko på grunn av det som har skjedd, seier Glen Børge Flø.

Samansveisa familie

– Du vart også trudd av lagmannsretten, kva betyr det for deg?

– Eg har hatt så mykje støtte av familie og vener, og av vener av familien. Eg har ein veldig samansveisa familie. Dei veit kva eg har gått igjennom. At rettsapparatet no har dømt i min favør, er av stor betydning for meg og alle involverte, seier Flø.

Glen Børge Løset Flø gjekk til sak mot Ulstein kommune etter at han hevda seg utsett for omfattande mobbing i grunnskulen. Han kravde nærare to millionar kroner i erstatning og oppreising.

Les også: Han sto også fram i Sunnmørsposten med den rystande historia om at han har blitt kasta stein på, dytta, spytta på og slått.

Eit vitne i tingretten meinte at Flø også mobba andre. Eit anna vitne vedgjekk at han hadde vore med på å plage Flø.

Ulstein kommune sin advokat la ned påstand om frifinning, men Flø vann på alle punkt. Kommunen vart dømt til å betale nærare to millionar kroner i erstatning og oppreising til Flø.

Kommunen anka til lagmannsretten og kravde på nytt full frifinning. I eit forsøk på forlik kom Ulstein kommune med eit tilbod om erstatning basert på 20 prosent uføregrad. Flø avslo dette tilbodet.

– Tilfreds

Onsdag kom dommen frå lagmannsretten: Ulstein kommune er dømt igjen.

– Vi er tilfreds med resultatet, seier advokat Lars Erik Windhaug i ein kort kommentar til Sunnmørsposten like etter at dommen er kjend.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) i Ulstein er inntil vidare ikkje tilgjengeleg for kommentar. Kommunens advokat Øyvind Renslo seier at dei vil gjennomgå dommen nærare. Vanleg frist for anke er ein månad. OPPDATERING: Ulstein kommune anka ikkje dommen.