EU-kommisjonen har nyleg vedteke å gje «Fenalår fra Norge» såkalla beskytta, geografisk nemning.

– Vi har verkeleg hamna i eit eksklusivt selskap, seier salssjef Rune Lødøen i Tind på Stranda.

Tind er no ein del av Grilstad, men marknadsfører framleis produkta sine som Tind.

KJØLEROM Jan Pedersen (frå venstre) og Rune Lødøen i eit av dei store kjøleromma hos Grilstad/Tind på Stranda.

– Merkeordninga er offentleg og sikrar at matskattar får den beskyttelsen og anerkjenninga dei fortener, skriv den norske EU-delegasjonen i sitt siste nyheitsbrev.

På Nordvestlandet er det Tind og Grilstad som er med i samanslutninga «Fenalår fra Norge», eit samarbeid mellom fleire produsentar som særleg prøver å få utlendingar til å få smaken på norsk spekemat.

– Grilstad har eit Stranda fenalår med bein i denne merkeordninga, medan Tind sin variant heiter marinert lammelår, fortel Oskar Gjærde, direktør for forretningsutvikling i Grilstad.

Salet av skinke når nye høgder: – Aldri før har vi seld så mykje Strandaskinke som no

Frankrike

Førebels har dei norske produkta fått eit lite fotfeste i Frankrike, og det er Tind som har hamna på flest franske restaurantfat.

– Vi har nok sendt nedover ein del hundre kilo så langt. Hittil er det franske kokkar som har oppdaga oss. Men vi har som mål å kunne få innpass i butikkjeder i Frankrike, seier Rune Lødøen.

– Kva med andre land?

Her heime i Norge fekk «Fenalår fra Norge» allereie i 2012 status som «Beskyttet Geografisk Betegnelse» av Matmerk.

To variantar

Fenalår fra Norge kjem i to variantar, tradisjonelt og modna. Forskjellen ligg i saltinnhald og modningstid.

Matmerk seier på si heimeside at for å kunne bruke nemninga «Fenalår fra Norge» blir det stilt krav til norsk råvare, tilarbeiding, foredling og sluttkontroll.