Onsdag blei det klart at merkevara Moods of Norway frå Stryn lever vidare.

– No er det full rulle igjen. Dette blir moro, seier Jan Egil Flo som saman med Simen Staalnacke og ei gruppe tilsette har fått tilslaget på eigendelane i konkursbuet.

Reel bodkamp

Det nye selskapet som tek over merkevara Moods of Norway har fått namnet Retail Drift AS. Jan Egil Flo er styreleiar.

– Vi har framleis veldig tru på merket og selskapet. Vi ville redde det så ikkje det blei lagt ned og slakta, seier Flo.

– Det var fire-fem interessentar og reell bodkamp. Vi trur at det var andre der som ville slakte det, og dette gav oss ein ekstra piff til at vi ville redde det, fortel Flo som ikkje vil ut med kjøpesummen.

– Kva gjer at de trur at det skal gå betre no?

– Ved ein konkurs nedskallerer ein alt og blir fristilt frå kontraktar og plikter, seier Flo og trekkjer fram at selskapet ved konkursen var rigga for å vere større enn det dei var.

Butikkar Moods of Norway sine butikkar opnar dørene igjen fredag, i første omgang med opphøyrssal, fortel Jan Egil Flo (t.v.). Til høgre Stryn-ordførar Sven Flo.

Konkursen ramma 18 Moods-butikkar, og det er usikkert kor mange som lever vidare.

– Mange av butikkane er store. Husleige er ein stor kostnad, og det seier seg sjølv at vi ikkje kan starte i desse lokala, seier Flo som ikkje trur butikkane i Bogstadveien og på Karl Johan i Oslo eller på Torgalmenningen i Bergen opnar etter nyttår.

Stryn og Langevåg

Han kan enno ikkje seie sikkert korleis ein tenkjer å rigge selskapet vidare.

– Men vi er rimeleg sikre på at Stryn er med vidare. Langevåg og alle outlet-ane vil også bestå, seier han og legg til at hovudkontor og lageret framleis vil vere i Stryn.

– Det er fantastisk at Moods er tilbake. Det er ein gledeleg dag, strålar Stryn-ordførar Sven Flo og kjem innom hovudkontoret for å gratulere.

Han meiner det er gull verd med lokalt eigarskap.

Hektisk Det var hektisk aktivitet på Moods-kontoret onsdag. Ordførar Sven Flo (f.v.) og Kåre Tonning var innom for å gratulere Kristian Hool Egge, Jan Egil Flo og dei andre som jobbar der.

– Moods of Norway er eit fantastisk selskap som har gitt så mykje tilbake til lokalsamfunnet. Det er viktig å gi eit klapp på skuldra og ønske lykke til vidare, seier Flo.

Fredag opnar alle butikkane som blei stengde etter konkursen. Opphøyrssalet varer til 1. november. Då blir butikkane fylt opp med ny julekolleksjon.

– Butikkane er no fulle med sesongvarer. Vi vil rydde opp i varelageret og tømme mest mogleg, seier Flo.

Kortsiktig løysing

Eigarane brukar ein del oppsparte pengar på ny satsing. Og Sparebanken Sogn og Fjordane har lånt dei pengar igjen. Dei har i alle år vore banken til selskapet og var stor kreditor.

– Vi er med vidare på ei kortsiktig løysing, basert på at dei har fått tilslag på konkursbuet. Vi medverkar til at dei får gjennomført opphøyrssalet. Ei langsiktig løysing har enno ikkje vore tema, seier Kjetil Bjørset, banksjef for bedriftsmarknad.

Han kan ikkje seie kor mykje banken har tapt på konkursen, før det har vore opphøyrssal.

– Men vi håpar vi skal kome bra ifrå det. Det er stort varelager og vi trur på ei god løysing for panthavarar og kreditorar.

Bostyrar: Moods of Norway-verdier på 70 millioner