Han sto også fram i Sunnmørsposten med den rystande historia om at han har blitt kasta stein på, dytta, spytta på og slått.

Eit vitne i tingretten meinte at Flø også mobba andre. Eit anna vitne vedgjekk at han hadde vore med på å plage Flø.

Ulstein kommune sin advokat la ned påstand om frifinning, men Flø vann på alle punkt. Kommunen vart dømt til å betale nærare to millionar kroner i erstatning og oppreising til Flø.

Kommunen anka til lagmannsretten og kravde på nytt full frifinning. I eit forsøk på forlik kom Ulstein kommune med eit tilbod om erstatning basert på 20 prosent uføregrad. Flø avslo dette tilbodet.

Onsdag kom dommen frå lagmannsretten: Ulstein kommune er dømt igjen.

- Vi er tilfreds med resulatet, seier advokat Windhaug i ein kort kommentar til Sunnmørsposten like etter at dommen vart kjend.

Les også: Glen Børge Løset Flø: – Heilt overveldande

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) i Ulstein er inntil vidare ikkje tilgjengeleg for kommentar. Kommunens advokat Øyvind Renslo seier at dei vil gjennomgå dommen nærare. Vanleg frist for anke er ein månad.