Smaragd-reiarlaget har gitt ut boka om bedrifta si historie. Boka «Nøysemd og fiskelukke, i 50 år» er ført i pennen av Knut Arne Høyvik og handlar om Smaragd-reiarlaget som blei starta opp i 1967 av Per og Reidar Smådal.

Boka er til sals i bokhandlar i Fosnavåg og Ulsteinvik, og reiarlaget har bestemt seg for at deira del av inntektene skal gå til Kreftforeninga.

– Eg vart veldig glad og litt rørt då dei tok den avgjerda, fortel forfattaren til smp.no. Han har sjølv opplevd at nære familiemedlem har vore råka av sjukdomen – og døydd i ung alder.

Satsa sparepengane

Den 179 sider lange boka blei gitt ut tidlegare i haust og tek for seg korleis reiarlaget med base på Leinøya har bygt seg opp stein for stein.

(saka held fram under)

Historia om reiarlaget er skriven av Knut Arne Høyvik. Bilde på framsida er det Eivind M. Sævik som har teke.

Dei to unge Smådal-brørne satsa sparepengane sine på ei not og ein lettbåt i 1965. To år seinare kjøpte dei båten «Smaragd» frå Ervik-reiarlaget på Kvamsøy – også var dei i gong.

For eit par år sidan overtok dei sin sjette «Smaragd»-båt – eit nybygg frå Havyard-verftet i Sogn. Dagen blei feira med ope skip og dåp i Herøy.

Gudmora: – Ei stor ære

Sjå bildeserie: Døypte ultramoderne fiskebåt

–  Dette er meir enn ei historie om to driftige og flinke fiskarar som starta for seg sjølv. Det er ei historie om eit lite samfunn på kysten av Sunnmøre, der havet og fisken har vore grunnlaget for å skape varige verdiar for folk og lokalsamfunn i hundrevis av år, skriv Høyvik i forordet.

Tragedie

Samstundes fortel boka om samhald i ei familie som blei hardt råka av ei tragedie. Faren til Smådal-brørne mista livet på sjøen i 1953, noko som har prega dei resten av livet. Mora deira vart åleine med fem barn, og måtte finne arbeid og samstundes gi dei ein trygg oppvekst.

Sjølv om reiarlaget alltid har vore nøkterne, har dei heller ikkje vore redde for å satse – og er i dag godt rusta for framtida, skriv Høyvik.