Dette seier Marita Hauge, på jobb i lag med ein heil gjeng frå Småjobbsentralen i Ørsta kommune. Staden er midt på ei attlege, midt i ein stjerneforma åker, midt i Follestaddalen – midt i Ørsta. Dette er ein økologisk andelshage, driven etter fellesskaps- og dugnadsprinsippet, og som Sunnmørsposten har skrive om tidlegare i haust.

No står ein på fallreipet av innhaustingssesongen. I alle fall av den tørre delen av sesongen, skal ein tru metereologane.

Lågterskeltilbod

Småjobbsentralen er ein del av eit lågterskel jobb- og aktivitetstilbod i Ørsta. Dei har tilhald ved møteplassen Viketunet, med open kafe der alle som vil kan møtast til mat og prat. For berre to veker sidan kjøpte Viketunet fem andelspartar i økogarden i Follestaddalen, fem av tretti eigardelar. Dei har såleis ikkje vore med på korkje planlegging, såing eller ugrasluking i løpet av sommaren. Men haustinga, den rakk dei.

Mat på fat

– Ja, takk for det. Dette er skikkeleg kjekt og meiningsfullt. Eg gled meg til å kome attende og legge ferske grønsaker av mange slag på kjøkkenbenken på Viketunet, seier Marita Hauge.

Ho står med ein buskete kvast broccoli i nevane, så økologisk frodig og vitamin- og mineralrik at det formelege knitrar av han. Gjengen har fullført nedrigging av trådar i erteråkeren. Dei har hausta poteter, og dei tek opp grønsaker som plukkfangst, etter ei bestemt liste. Leiar for grønsaklaget er ergoterapeut Stine Riise, som rår over ein innsatsvillig gjeng. Ho er svært glad for at dei no har vorte medeigarar i drifta her.

– Sidan det vart god avling dette første driftsåret, så får vi altså vere med og hauste – utan å ha sådd eit einaste frø.

– Det er jo storarta, og særleg når vi får dagar som dette. Det minner om potetferien som var fast i gamle dagar, smiler Riise.

Svært få dyrkar potet i dag.

Midt i det storslegne

– Kva er det beste med å vere med på eit slikt opplegg?

– Her er samhald, fellesskap og mange menneske involvert. Ikkje minst står vi midt i storslegen natur, med Kolåstinden som ein stolt vaktar av det heile der fremst framme.

– Vi står midt i trygge og gode lydar av ulike dyr på beite, av elva i dalen og av folk sine syslar. Her er det godt å vere – og med meiningsfulle ting å gjere, slår Stine Riise fast.