– Klart det er kjedeleg at det ikkje kom nokon born i dag, og at det berre er vi to leiarane her ved bålet. Det seier Frida Halvorsen og Oda Lundsæter.

Denne fredag føremiddagen har dei rigga seg til i Skråvika med røre til lappesteiking og utstyr både til kajakkpadling, balansegang på taubru mellom tre og anna leik og moro, medan regn og vind legg dempar på bålvarmen.

– Kanskje ikkje så rart at det ikkje kom nokon i dag, når det både regnar og bles. Men det er ikkje så verst å vere ute i slikt vêr heller, meiner Frida medan Oda nikkar. Ho legg til at det dårlege frammøtet kanskje og skuldast at mange brukar siste haustferiedagen til å reise på helgetur saman med familien.

Aktivitet På Stafsetneset i Ålesund deltok rundt 30 barn på både taubrugåing og andre uteaktivitetar. Foto: Privat

Bra deltaking tidlegare i ferien

Dei to har planlagt og gjennomført opplegget «Kom ut i haustferien», eit tilbod til barn i alderen ti til tretten år om å padle kajakk, lære å bruke øks, tenne opp bål, samt andre friluftsaktivitetar.

Kvar dag sist veke har dei lagt til rette for leik og aktivitet i fem friluftsområde i fem kommunar. Frida Halvorsen og Oda Lundsæter har drive gratis aktivisering av barn på Stafsetneset i Ålesund, Murvika i Skodje, Gurinesbukta i Haram og i Kråkvika i Vestnes. I Skråvika i Ørskog dukka ingen opp.

– I alt har 64 barn deltatt i aktivitetane på dei ulike plassane. Det er ganske bra. Hensikta med «Kom ut i haustferien» var å gi barn eit alternativ til å sitte inne i ferien, når foreldra kanskje er på jobb. Vi føler at vi har nådd ut til ein god del, seier dei to leiarane. Dei fortel at flest barn deltok på friluftsaktivitetane på Stafsetneset. Der var tretti barn i full aktivitet i solskinet på måndag.

Drop in-tilbod for første gong

Sunnmøre Friluftsråd har også tidlegare år arrangert ulike aktivitetar for barn og unge i skuleferiar, men dette er første gongen det er blitt gjennomført drop in-samlingar i fem ulike friluftsområde.

– Drop in-tilbodet har fungert fint, så vi antar det blir fleire slike opplegg, fortel leiarane som har inntrykk av at borna har hatt det gøy sjølv om det har vore dagar både med sol og regn.

– Ja, dei har leika og mora seg, og lært praktiske ting om å ferdast i naturen.

Padling: I Murvika i Skodje prøvde fleire kajakkpadling då friluftsrådet arrangert haustferieaktivitetar der. Foto: Privat