(vikebladet.no)– Eg trudde eg hadde fått influensa, for eg hosta og kjende meg elendig, fortel 17-åringen.

Januar 2016: Erik er ein aktiv fotballgut. Denne våren skal han fullføre ungdomsskulen, og i april skal han endeleg få sjå favorittlaget Liverpool spele mot Tottenham på Anfield. Men no er han ikkje form.

Vikebladet Vestposten møter Erik, pappa Idar og mamma Sigrun heime på Storehaugen. Det har gått eit år og ti månader sidan det vanlegvis så friske mellomstebarnet vart dårleg.

– Legane tenkte først influensa, så snakka dei om kreft. Vi var innom sjukehus og lege fleire gongar, fortel dei.

29. februar 2016: Erik har hangla i fire veker. Mamma Sigrun ringer legen og seier at ho ikkje lenger kan ta ansvar for guten sin.

– Då legen såg Erik, sa han at guten var alvorleg sjuk og sende oss rett til sjukehuset i Ålesund, fortel Sigrun. I Ålesund vart femtenåringen undersøkt av ein hjartespesialist.

– Han undersøkte Erik med ultralyd. Så såg han på meg og sa: «Her er det akutt hjartesvikt. Det neste blir Rikshospitalet.», fortel Sigrun.

Same dag vart Erik og far Idar sende til Oslo med ambulansefly. På Rikshospitalet vart det slått fast at guten hadde ein hjartefunksjon på 20-25 prosent. Mor Sigrun var heime med døtrene på 19 og 14, men legane insisterte på at også ho skulle kome nedover.

– Legane sa at det fanst tre utvegar for Erik: pacemaker, medisinering eller nytt hjarte. Legane hadde mest tru på det siste, men ville først prøve medsin, fortel Idar Hatløy.

Erik vart overvaka døgnet rundt, og måtte opphalde seg på eit lite område på sjukehuset heile tida.

2. april 2016: Turen til Liverpool er avlyst. I staden ser Erik kampen mellom Liverpool og Tottenham på tven på romet på sjukehuset. Fleire av kompisane hans er der. Brått kjem tidlegare Liverpoolspelar John Arne Riise på besøk.

– Då såg vi at hjarterytma til Erik steig, men det var viktig for oss å gje han den overraskinga. Det var ein alvorleg situasjon, men midt i alt alvoret måtte vi prøve å halde humøret oppe. Heldigvis er både Erik og eg veldig interesserte i fotball, så vi såg enormt mange kampar på tven, fortel Idar Hatløy.

Medisinseringa fungerte dårleg, så rett før påske i fjor vart femtenåringen sett på venteliste for nytt hjarte. Foreldra måtte ha på telefonen døgnet rundt, i tilfelle det skulle dukke opp ein donor med eit passande hjarte.

– Ventetida var forferdeleg tøff, det var eit nervepress utan sidestykke, seier Idar. Det skulle gå sju veker før den etterlengta telefonen kom.

Tidleg i mai 2016: Sigrun er heime og har tidlegare på kvelden ringt mora si og sagt at ho ikkje orkar denne ventetida stort lenger. Mora svarer: Dette klarer du, stå på! Klokka 00.50 vert Sigrun vekt av telefonen. Det er Rikshospitalet som fortel at dei har eit nytt hjarte til Erik. Klokka 8 om morgonen leverer Idar guten sin til operasjon.

– Det var frykteleg tøft, seier han, og tek ein pause i pratinga.

Klokka 11.00 var operasjonen ferdig. Alt hadde gått bra, og allereie tredje dagen vart Erik stabla på beina og måtte opp og gå. Etter å ha levd omtrent utan salt i maten etter at hjartesvikten vart oppdaga, var McDonaldsmat det første han ønskte seg etter operasjonen.

– Eg var ganske sliten og slapp etter operasjonen. Det var veldig tungt å gå dei første stega, fortel Erik, som har site i sofaen og høyrt foreldra fortelje historia om hjartet hans.

Sommaren 2016: Berre nokre veker etter hjartetransplantasjonen får Erik reise heim til Dimna. For første gong sidan februar kan familien igjen vere samla til kveldsmat rundt kjøkenbordet.

– Det var veldig godt å sove i mi eiga seng igjen, seier han.

Erik fekk undervisning på sjukehuset og klarte å fullføre ungdomsskulen. I august i fjor starta han på elektro på Ulstein vidaregåande skule. No er han i gang med andre året.

Før operasjonen vart immunforsvaret til Erik omtrent nulla ut, for at kroppen hans ikkje skulle støyte frå seg det nye hjartet. Sjølv om immunforsvaret hans sakte men sikkert vert sterkare, må han passe seg for ikkje å verte sjuk. Og han må ta medisin resten av livet, til faste tider morgon og kveld. Vannkoppar vil vere svært alvorleg å få, sidan verken han eller donoren har hatt det. Skulle han verte smitta, har han 72 timar på seg til å kome seg til Rikshospitalet.

Tidleg i oktober 2016: Hasundgot spelar bortekamp mot Harøya. Idar er lagleiar og Erik er med som tilskodar. Men Hasundgot har for få spelarar, så Idar set sonen inn på bana dei siste femten minutta. – Ikkje fortel det til mamma, seier han.

Erik og dei andre i familien får truleg aldri noko svar på kvifor hjartet brått svikta. Dei veit heller ingen ting om donoren, men er glade for at Rikshospitalet sender takkebrev til dei pårørande.

– Det er viktig for oss å sjå framover. Vi kan ikkje få rose helsevesenet, familien, kollegaer og venar nok for all støtte og omsorg. Vi har vore opne heile vegen og informert både fotballaget og klassa. Historia om Erik vart rett og slett ei solskinnshistorie, seier Idar og Sigrun.

Korleis er livet ditt i dag då, Erik?

– Det er veldig bra. Eg er omtrent tilbake der eg var før eg vart sjuk, men eg har litt å ta igjen når det gjeld kondis og muskulatur. Og så kjenner eg at eg vert fortare sliten.

Har du fått fare til Liverpool?

– Nei, ikkje enno, seier Erik.

– Vi jobbar med saka, kjem det kjapt frå faren.

Denne saka sto først på trykk hos Vikebladet.