Frykta for at born skulle bli skadd av snøplogen var det som utlløyste engasjementet.

- Då min mann og eg var var på veg til skulen med born og borneborn såg eg småungane stå i brøytekanten. Det var mykje snø og brøytebilen kom. Dette kan ikkje gå bra, tenkte eg. Det utløyste aktivisten i meg, seier Rekkedal Hill.

Resultatet blei ein stor dugnad i heimbygda som endte med fem trygge venteplassar med busskur langs vegen gjennom Bondalen.

- Eg er ikkje ferdig med dette, var beskjeden frå privinnaren til fylekstinget som no er samla på Parken Hotell i Ålesund.

- Synnøve er ei eldsjel som som famnar breitt frå kultur til trafikktryggleik. Ho har stått bak eit ekte spleiselag som syner kva ei bygd kan få til med å stå saman, påpeikar leiar i trafikktryggingsutvalet, Iver Nordseth.

LIkeststillingsprisen gjekk til Torunn Haldorsen frå Molde og det arbeidet ho har gjort for rettiane til lesbiske,homofile, bifile og transpersonar(LHBT).

- Haldorsen står bak eit stort og viktig arbeid for å skape møteplassar for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner, påpeika leiar i kultur- og folkehelseutvalget Marit Nerås Krogsæter.

Haldorsen meinte Møre og Romsdal på fleire område er blitt eit føregangsfylke for denne gruppa av menneske.

- Møre og Romsdal har gjennomført einskildtiltak som har hatt stor betydning for oss. Då eg skulle fylle utskjema då mi datter skulle i barnehagne måtte eg signere som far. Då ho skulle byrje i skulen kunne eg signere i feltet som foresatt 2. Mange av dykk tenkjer nok ikkje over dette til dagleg, men for oss betyr slike ting mykje, sa Haldorsen.