Møre og Romsdal fylkeskommune har for tida 13 ulike trykte rutehefte i papir for publikum, med eit samla opplag på 250.475. Alle rutehefte ligg også digitalt fleire stader.

No er det rette tida for å slutte med trykte rutehefte, meiner samferdselsavdelinga i fylket. 25. oktober skal saka behandlast politisk i samferdselsutvalet.

Spare pengar

For fylket er dette ein måte å spare pengar på.

– Førebuingane som samferdselsavdelinga hadde med dokumenta før dei vart sendt til det grafiske byrået er anslått til å vere på om lag 400 timar i året, ifølgje sakspapira. I tillegg kjem nærare ein million kroner i året til grafisk arbeid, trykking og distribusjon.

Endringar i rutene

I tillegg skjer det frå tid til anna endringar i rutetilbodet.

– Somme endringar medfører følgjefeil, og då vert det ei kjede med korrigeringar på grunn av at kollektivtilbodet i fylket er bygd opp av korrespondansar mellom bussane, hurtigbåtane og ferjene. Mange kundar sit difor med rutehefte som inneheld feil, heiter det vidare.

Oppdatert ruteinformasjon vil alltid vere tilgjengeleg ei rekke stader: på Fram sin reiseplanleggjar, gjennom Fram-appen, ved å ringe Fram kundesenter og gjennom den nasjonale reiseplanleggjaren Entur som blir lansert 1. november.

Ekstraservice

Den som framleis vil halde ruteheftet i handa, kan gjere dette, ifølgje sakspapira:

– Det vil framleis finnast ei form for rutehefte kor publikum kan gå inn og skrive ut dei aktuelle rutene dei ønsker å ha i papirformat frå Fram sine nettsider. Publikum som ønsker det kan kontakte Fram kundesenter, ved å ringe 177 eller sende ein e-post. Fram Kundesenter vil ta utskrift av den eller dei ønska rutene og sende ut i posten til dei som ynskjer det, skriv samferdselssjef Arild Fuglseth i sakspapira.