Det er haust og slaktetid. Det er også overproduksjon på sauekjøt, som det har vore fleire år på rad. Denne kombinasjonen er ikkje akkurat prisdrivande, og fleire sauebønder har klaga både på overproduksjonspolitikk og på pris. Særleg ille kan det vere på vaksen sau, der prisen i nokre tilfelle kan kome under ei krone kiloet.

– Det er om lag ein tjuandedel av kva ein får for småfallen småsei, sa ein fjordbonde denne veka til Sunnmørsposten. Han hadde vorte skuldig pengar etter slaktinga av ein fire år gammal sau, som kom ut i minus. – Men eg vil ikkje stå fram, då trekkjer vel slakteriet så eg kjem i totalminus på heile drifta, sukka sauehaldaren.

Sunnmørsposten snakka derimot med ein som har sauehaldet i kombinasjon med jobb på eit smoltanlegg, Per Steinsvik inst i Dalsfjorden i Volda. Han er oppvekstkompis med landbruksminister Jon Georg Dale (Frp), og dei to vart intervjua av Sunnmørsposten i romjula 2015, rett etter at Dale hadde fått ministerposten. Senterpartimannen Steinsvik kom då med fleire politiske utfordringar til kompisen, som han også hevda var i heilt feil politisk parti til å kome frå Dalsfjorden.

– Ministeren imponerer

– Når prisane på sau framleis går ned, og overproduksjonen opp, kva synest du om innsatsen til Dale?

– På det spørsmålet må eg berre medgje at han har imponert meg! Han har langt på veg gjort leksa han fekk, gliser Steinsvik, og utdjupar:

– Jon Georg har lukkast med å prate opp bruken av norsk småfe på norske bord. Han har faktisk vore ein god ambassadør for næringa og distrikta han sjølv har sitt utspring frå, godkjenner Steinsvik. Han innser sjølvsagt at ein minister har ansvar for alt landbruk i heile kongeriket. Og på Svalbard.

– Likevel utfordrar eg han på å setje eit øvre tak for kor mykje sau ein kan halde, særleg i område der det ikkje er naturgitt beitegrunnlag. Med slike avgrensingar kunne vi fort fått kontroll på overproduksjonen, og dermed rett pris på det vi leverer, hevdar Steinsvik.

Vil auke kraftforprisen

Han og familien har om lag 100 vinterfôra sau på garden. Desse beiter på høgfjellet. Om ikkje andre verkemiddel slår inn, tek Steinsvik til orde for auka pris på kraftfor.

– Det er kanskje berre på den måten ein kan få styrt saueproduksjonen til dit han høyrer heime, på fjellet og i det folkenære kulturlandskapet, utfordrar Steinsvik. Sjølv har han styrt unna verste sesongprisen på kjøt ved å levere ekstra tidleg, ved å vere med i samordna lokale leveransar og elles lese marknaden.

Dale rosar aktørane

Landbruksminister Jon Georg Dale takkar på si side for god tilbakemelding heimanfrå. Han er samd i at kraftfôrprisen kunne vore auka som eit mogleg reguleringsgrep.

– Det er naturleg at det vil vere kritiske røyster når bonden får låg pris for produktet sitt. For berre fem år sidan var det omvendt, då importerte vi ti prosent av sauekjøt frå utlandet. I fjor greidde vi å auke forbruket med sju prosent, og prognosar for inneverande år viser ein tilsvarande tendens. Det må vi vere nøgde med, på same tid som vi jobbar knallhardt for vidare auke, seier Dale til Sunnmørsposten.

– Kva meir kan du gjere politisk for å sikre balanse?

– Matvarekjedene har fått kritikk for å ikkje ville satse nok på sauekjøt. Sjølv har eg vore i mange møte med desse, og fått god respons og forståing. Også slakteria og næringsmiddelindustrien opplever eg som flinke.

– Eit anna grep kan vere å legge om tilskotsordningane, slik at saueproduksjonen i endå større grad skjer på eigna grasareal, og at det blir dyrka korn der dette er mogleg, seier Dale. Han trur måla kan nåast utan å setje øvre kvotar på sauehald.

Ein vaksen sau som vert slakta midt i lammesesongen kan ende med berre nokre øre i kilopris, og dermed koste pengar for bonden å få slakta. Foto: Knut Arne Aarset
Jon Georg Dala har lukkast med å få meir sauekjøt på norske matbord. Foto: Knut Arne Aarset
Det vert ikkje selt sauekjøt i nokon butikk for berre nokre få øre- eller kroner for kiloen. Dette har fått produsentar til å spekulere i kvar mellomlegget blir av. Konsumet går stadig opp. Foto: Knut Arne Aarset