Ei gruppe på 25 innbyggjarar på Bjørke i Ørsta krev i eit brev til fylkesmannen at saksgangen når det gjeld spørsmålet om grensejustering vart halden på eit ope og demokratiske nivå.

Underskrivarane er kritiske til at ein gjeng som kallar seg «unge vaksne på Bjørke» tok grep og sende søknad om grensejustering rett før eit planlagt folkemøte om saka. Dei vil søkje overflytting til nye Volda kommune, der også Hornindal vert med. No slår altså ei anna gruppe kraftig attende, og hevdar mange føler seg fråtekne retten til å uttale seg i saka.