Det kom fram på eit aksjonærmøte i bruselskapet denne veka.

– Vi kan ikkje kome med nokon meir eksakt dato no, seier Steinar Nordmo, dagleg leiar i Sykkylvsbrua AS.

Dette er i så fall eit halvt år tidlegare enn det ein før la opp til. Etter to forlengingar av bompengeperioden, siste gong til ut 2018, vart det då sagt at brua ville bli gratis neste haust.

At det no blir framskunda med eit halvt år skuldast ikkje auka trafikk over brua, men at dei største aksjonærane seier frå seg ein priskompensasjon som dei har rett på.

Største aksjonæren er Sykkylven kommune, som seier frå seg tre millionar kroner.

– Vi avgjorde dette i kommunestyret, der berre to røysta i mot, ein frå Høgre og ein frå Ap, seier ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp).

Fleirtal

På aksjonærmøtet denne veka var det også to andre, store aksjonærar som varsla at dei vil seie frå seg sin del av priskompensasjonen. Dette var Ekornes og Sparebanken Møre. Og då er dei i fleirtal. Steinar Nordmo vil helst at endå fleire – eller helst alle – av aksjonærane skal vere samde. Han sender no brev med spørsmål om dei går med på det same som dei store aksjonærane.

– Det er på tide at brua blir gratis å bruke no. Det vil ha stor betydning for dei som brukar brua til og frå barnehage, skule, arbeid og fritidsaktivitetar, seier ordførar Drotninghaug.

Svært mange er opptekne av å sleppe meir bompengar.

– Ja, også eg ser fram til at det blir slutt på bompengar her, stadfestar han.

Stabil trafikk

Det er altså trafikken som fastset den nøyaktige datoen. Og trafikken over brua, den er svært stabil.

– Frå 31. august i fjor til 31. august i år auka trafikken over brua med 12 bilar. Men talet på elbilar som køyrer gratis auka mykje meir. Ein takstauke i 2016 kompenserer litt for elbil-auken, fortel Steinar Nordmo.

Brua over Sykkylvsfjorden vart opna i 2000. 18 år seinare blir bompengestasjonen fjerna. Foto: Terje Engås