Fredag blei det kjent at Åge Remøy går inn som eigar av Forland Shipping og får to nye skip i flåten. Samstundes varslar reiaren at dei treng fleire folk på kontoret i Herøy.

I stillingsannonsen som stod på trykk i lokalavisa Vestlandsnytt blei det nytta den gamle Rem-logoen og namnet Rem Maritime:

– Vi sikra oss namnet så raskt vi hadde moglegheita, seier Åge Remøy til Sunnmørsposten.

Nytt namn – same direktør

Det er selskapet OSV Management som no har endra namn – og som har den gamle Rem-sjefen Arild Myrvoll som administrerande direktør. Men adressa er annleis – og selskapet held til i Havila-bygget på Mjølstadneset.

– Vi er tre-fire personar på kontoret no, og eg tippar vi vil vere ti rundt juletider.

Partnar frå Paradis

Oktober 2016 Om lag eitt år etter Åge Remøy fira Rem-flagget på kaia i Fosnavåg, styrer han igjen eit Rem-reiarlag i vekst – med seks skip og behov for fleire tilsette.

Temmeleg nøyaktig eitt år etter

Åge Remøy fira Rem-flagget på kaia i Fosnavåg sentrum

, er altså reiaren på full fart tilbake – saman med partnarane Thorsteinn Mar Baldvinsson og Magnus Roth i selskapet In Nord Vest, som i fjor stabla ein halv milliard kroner på beina som skal nyttast til å bygge eit større reiarlag nord for Stad.

No vil dei bruke 100 millionar av desse på Forland Shipping med den lokkande postadressa Paradis sør for Bergen.

(saka held fram under)

– Vi sa allereie den gong Røkke rana til seg Rem at vi hadde som intensjon å starte på nytt. Det var ikkje berre ord og vi tok fatt med ein gong. Vi har vore innom mange forretningar undervegs, og desse to store subseabåtane og dei fire skipa frå Vestland Offshore er det som so langt er ein realitet, seier Remøy.

Dermed er han også tilbake med like mange skip han hadde etter at han blei tvinga til å dele det tidlegare Rem-reiarlaget med Solstad i 2009.

– Vore uheldige

Frå Vestland-reiarlaget har nye Rem Maritime fire nyare forsyningsskip. Og frå Forland Shipping får dei no 2013-bygde Forland Inspector og Forland Saltire bygd i 2008. Skipa vil få nye Rem-namn etter kvart, men i første rekkje jobbast det med å skaffe meir jobb.

Det nyaste skipet har kontrakt fram til neste sommar, medan Forland Saltire truleg vil gå i opplag i Hellesylt over vinteren. Remøy håpar båten er tilbake i arbeid til våren. Skipet har nyleg fått kansellert ein kontrakt med Fugro og reiarlaget vil krevje betaling dette.

Forland Shipping var lenge eit reiarlag som gjekk mot straumen då marknaden for oljeserviceskipa stupte. Men i mars i får mista Forland Inspector først sin kontrakt på grunn av konkursbehandling hos oppdragsgivaren. Få månader etterpå glapp kontrakten for det andre av reiarlaget sine to fartøy.

Grafane i børsmeldinga frå Bergen-reiarlaget er tydelege; om ikkje reiarlaget får ny kapital, er kassa tom i løpet av året.  – Dei har vore uheldige, seier Remøy.

Treng fleirtal

Økonomisk sett inneber planen at Remøy-selskapet går inn med 100 millionar kroner og overtek aksjane i holdingselskapet til reiarlaget. Samstundes vert eigarane i lånet på 350 millionar bedne om å utsette gjelda.

Svaret på om løysinga blir godteke kjem på møtet for obligasjonseigarane 3. november der ein treng støtte på to tredelar.

– Så vidt eg veit er det sikra minst 50 prosent støtte. Om det blir nei, vil alternativet vere å berre bruke pengar på den nyaste båten, som allereie er sikra finansiering til sommaren 2021, seier Remøy.