Tilbake ved Rem-roret

Åge Remøy har tatt tilbake Rem-namnet – får flåte på seks skip

Eit drygt år etter at «Røkke rana til seg Rem», som han seier sjølv, er Åge Remøy tilbake ved roret i eit reiarlag i vekst med namn Rem Maritime.

Åge Remøy er på veg opp igjen.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Fredag blei det kjent at Åge Remøy går inn som eigar av Forland Shipping og får to nye skip i flåten. Samstundes varslar reiaren at dei treng fleire folk på kontoret i Herøy.