Oppdatering: - Eigaren av dyra har hanka dei inn att, heiter det i ei ny melding om lag 15 minutt etter den første.
Det som av politiet blir omtalt som eit tog - 10-15 kyr og ein hest, går langs fylkesveg 61 i Ulsteinvik, melder politiet på Twitter like før klokka 16.30.
- Hesten går først og leiar toget, som førebels held seg på fortauet og går i retning sentrum, heiter det.