Då kjem mellom anna sireneanlegga i Stranda, Norddal, Stordal og Ørskog til å hyle. Dessutan kjem det varsling på telefonen til alle i kommunane Stranda og Norddal. Dette kan gjere barna redde.

– Vi oppfordrar spesielt til å informere barna om denne testen på førehand. Mange unge har eigne mobiltelefonar. Lyden frå sirenene kan virke skremmande, sjølv om det vil bli tydeleg poengtert at dette er ein test, skriv ÅTB i ei pressemelding.

Dei strekar også under at det ikkje er noko endring i bevegelsane i fjella, og at geologane vil kunne varsle i god tid før eit eventuelt ras blir utløyst.