Denne dagen fiskar MS «Haugstad» vest av Storholmen, nord for Stad. Om kvelden leverer dei fangsten til Sandefisk på Sandsøya. Dagens fangst inneheld også noko som fiskarane ikkje vil ha i lasta:

– Vi har fått litt vekkslitne fiskesnøre, pilkar og sen. Det er ikkje uvanleg, men det er ikkje meir enn ei halv kasse med plast i månaden, seier skipper Tore Hauge.

Les fleire sakar om søppel i havet

Mykje på Møre

Sjarkfiskarane på Mørekysten ser dagleg søppel i havet. Forskarar har i over ti år jobba med å kartlegge havbotnen i Barentshavet og Norskehavet. I område med mykje fiskeriaktivitet utanfor Møre og Romsdal fann dei svært mykje søppel.

Vi har ikkje nokon grunn til å vere spesielt stolte, sa Lene Buhl-Mortensen, forskar ved Havforskingsinstituttet til Sunnmørsposten tidlegare i haust.

I Norskehavet har dei rekna ut at det er 30 millionar «søppelbitar», noko som svarar til 23.000 tonn søppel av ulikt slag. Enkelte stader gjorde forskarane 6.000 observasjonar av søppel per kvadratkilometer, noko som ifølgje forskarane er ekstremt mykje.

(Teksten held fram under bildet)

Slike verdiar blei blant anna målt på kysten nær Godøy. På kontinentalsokkelområde i Europa er det til samanlikning vanleg å få 230 søppelobservasjonar per kvadratkilometer.

– Eg ser at det er mykje plast i havet. Og eg har tenkt på det lenge før det blei så moderne å snakke om det, men eg trur det er mykje gamle synder. Eg kjenner i alle fall ingen som hiv plastnett med boss eller agnkasser no, seier sjarkfiskaren frå Haugsbygda i Sande kommune.

(Teksten held fram under bildet)

Hauge begynte som fiskar etter skipperskulen i 1989. Sidan 1993 har han hatt eigen båt. Han brukar heile Mørekysten, og fiskar i området frå Bremanger i sør til Smøla i nord. Etter at silda slutta å kome til Møre, har han reist nordover til Lofoten på fiske om vintrane.

Og han har sett kvar det er mest søppel å finne:

– Viss ein skal fiske etter søppel, må ein fiske i skipsleia. Det er der det er størst utbytte. Og på strendene, for søppelet vil jo før eller seinare reke i land.

Snurrevad fer på same felta år etter år. Og Hauge meiner fiskefelta har kome seg siste åra. Der ryddar fiskarane og tek med søppelet til land. Det som er for stort til å ta med, varslar han Fiskeridirektoratet om.

– Det er blitt betre på felta vi frekventerer, for vi ryddar dei sjølve. Det er når vi leitar etter nye felt vi kjem borti rusk. Det er sjeldan og lenge sidan siste funn, seier Hauge og legg til at siste meir spektakulære han kan kome på å ha fått av fangst var ein daud sau som hadde ramla ned i sjøen frå Runde.

(Teksten held fram under bildet)

Tidlegare tråla dei i fjordane, og då fann dei meir avfall, både av plast og anna materiale.

– Vi ser ikkje plast i magen på fisken, men får plast og alt mogleg rot som hagestolar og kva som helst anna. Kvart år er det også fleire bortkomne krabbeteiner i fangsten, fortel Hauge.

No fer ikkje «Haugstad» lenger i fjordane og fiskar, men tidlegare var Hauge mykje i Harøyfjorden.

– Der var det mykje søppel. Det var nedsokne båtar og målingsspann. Vi tok med noko av rusket til land. Ein gong fekk vi ein halv båt, som var for stor til at vi klarte å ta han om bord, men vi rydda flata der vi fiska, fortel Hauge som meiner det også var ein skipskyrkjegard i denne fjorden.

Les fleire saker i serien:

Video: – Havhesten spiser søppel. Den tror at alt som ligger og flyter er mat

Reportasje: Fjøra er full av avfall. På halvannen time fyller de 20 store sekker. Mest plast

Endra haldningar

Den erfarne fiskaren meiner det er mange år sidan fiskarane begynt å bli flinke til å rydde etter seg i staden for å kaste rusket over bord. Det er også blitt betre mottaksordningar på land.

– Haldningane har endra seg. Folk hiv mindre på sjøen enn for 20 år sidan. Det er i alle fall mitt inntrykk frå mi flåtegruppe, seier Hauge som før han kjøpte eigen båt var på større båtar. Og han minnest at det den gong fòr mykje ut i sjøen.

– Men det var mykje som skjedde før. No er ein blitt mykje flinkare og slikt gjer dei ikkje meir, seier Hauge som synest det er forferdeleg å sjå bilda av kval fylt med plast.

Og han held fram:

– Eg trur heilt sikkert det er blitt betre. Det er klart at vi ser mjølkepakkar av nyare dato. Det kan nok gå ut papp, men med plast og bildekk er det blitt mykje betre. Ingen er tent med at det blir forsøpla. No er det mykje fokus på kvalitet, og det er idiotisk å «skite i eige reir».

(Teksten held fram under bildet)

Uhell kan likevel skje den beste:

– Ved eit uhell kan ein rive sund nota, og då har ein ikkje kontroll om det ligg igjen bitar av notlina, men det er sjeldan slik skjer, seier Hauge.

Dårleg fiske i haust

Hauge driv MS «Haugstad», ein 50 fots snurrevadsjark. Om bord er også Svein Tore Sætre. Dei fiskar hyse, litt torsk, rødspette, breiflabb, steinbit og lysing.

– Men det har vore heller slakt fiskeri i haust. Det var dårleg i fjor og er endå verre i år, seier Hauge som ikkje vil spekulere i årsaka. Om det er makrellen som et opp maten, som enkelte hevdar, veit han ikkje.

Det er reint hav dei skal leve av også i framtida. Og Hauge helsar velkomen aksjonar for å få fjerna søppelet.

– Om det blir næring av det, så er det jo for ein god sunnmøring endå meir interessant, smiler han.

(Teksten held fram under bildet)

Veit ikkje effekten

Forskingsleiar Nils Roar Hareide ved Runde Miljøsenter er glad for at det siste tida er blitt mykje fokus på plast og marin forsøpling som eit stort miljøproblem.

– Det er eit stort internasjonalt problem. Same kor mykje du ryddar i fjøra, så kjem det nytt drivande. Det er skremmande, seier Hareide.

Nyleg inngjekk Runde Miljøsenter eit samarbeid med miljøorganisasjonen Bellona, der målet er å kartlegge og forhindre marin forsøpling.

– Problemet er større enn folk er i stand til å fatte. Vi har ei enormt lang fjøre i Norge, og det er ufattelege mengder med avfall. Viss det blir liggande og kjem inn i næringskjeda, så veit vi at det er ei heil rekkje stoff som ikkje er heldige for verken oss eller andre organismar, seier Hareide.

Runde Forskingsleiar Nils Roar Hareide ved Runde miljøsenter. Arkiv Foto: Nils Harald Ånstad

Det er mykje dokumentasjon på at sjøfugl et plast, og Hareide reknar det som sikkert at det er auka dødelegheit blant fugl på grunn av plastforureining.

– Det er ikkje godt å sjå skilnad på plast og mat for fuglane. Kor stor effekt det har, er umogleg å vite, men at det ikkje er bra, er sikkert, seier han.

Hareide har vore fiskar sjølv og veit at det var gale før. No trur og håpar han at verda har gått framover og at det blir kasta mindre frå båtar.

Les fleire sakar om søppel i havet

Han er ikkje overraska over fiskaren sin påstand om at det er verst i skipsleia.

– Mykje av søppelet stammar frå skipstrafikken. Til meir båtar til meir sannsynleg er det at det er avfall, seier Hareide og legg til at nokre er flinke, medan andre nok framleis hiv på sjøen alt.

– Det er viktig at næringa sjølv tek tak i dette. Dei kan ikkje leve med å ha det slik. Det vil påverke både omdøme og etterspurnad, meiner han.

Undersøkjer haldningar

Interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt, som har 180 medlemsfartøy, inviterer for tida til å delta på ei undersøking om haldningar til marin forsøpling.

– Dette er ein del av eit forskingsprosjekt, og vi håpar mange svarer, seier Tor Arne Vaskinn, avdelingsleiar i Fiskebåt i Tromsø.

Fiskerinæringa blir ofte trekt fram som ein av dei største forureinarane til havs, heiter det på nettsida til Fiskebåt. Og det blir understreka at fiskerinæringa har sterk eigeninteresse i å halde havet reint og redusere avfallet.

– Vi lever av reint hav. Og det sterkaste marknadsføringsargumentet vårt er at vi fiskar i reine havområde, og då er det uheldig både med mikroplast og søppel som vi ser, seier Vaskinn til Sunnmørsposten.

Også han meiner det har vore ei haldningsendring på sjøen:

– Det er det vi høyrer når vi snakkar med folk. Ein hiv ikkje søppel på havet lenger. Båtane har system for å ta vare på søpla, anten ved å presse det om bord eller samle saman og ta med i land, seier Vaskinn.

Forskingsprosjekt

Undersøkinga om haldningar er eit samarbeid mellom Nordlandsforskning og Norut, og alle dei store fiskeriorganisasjonane vil sende spørsmåla ut til sine medlemer.

– Det handlar om haldningar, korleis dei reint praktisk handterer avfall, om utfordringar og korleis ein kan få til gode løysingar, fortel Bjørn Vidare Vangelsten i Nordlandsforskning.

Prosjektet er finansiert av Klima- og miljødepartementet. Vangelsten fortel at dei har hatt ein del intervju med fiskarar før, som viser haldningsendring:

– Den enkelte fiskar ser annleis på det no. Dei ser at havet ikkje er uendeleg, meiner Vangelsten som reknar med å få fleire svar om fiskarane sine haldningar til marin forsøpling i løpet av hausten.

Les fleire saker i serien:

Video: – Havhesten spiser søppel. Den tror at alt som ligger og flyter er mat

Reportasje: Fjøra er full av avfall. På halvannen time fyller de 20 store sekker. Mest plast