Før vi reiste hadde vi hatt mange skuletimar om 2. verdskrig, men eg klarte aldri å sette meg heilt inn i korleis det var under krigen og i konsentrasjonsleirane.

Eg kunne ikkje førestille meg korleis det såg ut der jødane og dei andre fangane hadde budd, og korleis dei gjorde alt for å overleve. Korleis såg det ut i Auschwitz med gasskammera, og i Birkenau der toga hadde sloppe av alt for mange til å døy?

Turen til Krakow var ei oppleving for livet, og eg kjem aldri til å gløyme det eg lærte der.

Eg har tidlegare berre høyrt på når lærarane underviste om krigen, men no har eg eit anna perspektiv når vi snakkar om denne hendinga i historia.

Eg ser for meg alle romma, alle skoa til dei som døydde i Auschwitz, alt håret og kloremerka på vegane i gasskammera.

Eg ser for meg togbanene som går gjennom Birkenau der familiar blei skilde frå kvarandre. Eg ser den raude lille togvogna som frakta opp til 100 personar om gongen, der dei måtte vere i fleire dagar utan mat og vatn, utan moglegheit til å sove fordi det var så trongt der.

Eg ser for meg plassen der alle, som såg svake ut, blei sendt rett til døden, saman med alle gamle og handikappa. Alle tårna langs vegen, der soldatar skaut folk når dei følte for det.

Eg ser for meg alt det grufulle som skjedde der.

No klarar eg mykje betre å sette meg inn i korleis det var for jødane og dei andre fangane.

Alle burde reise til Krakow ein eller annan gong i livet, det er verkeleg verd det.

Eg meiner at det er veldig viktig at vi ungdommar lærer om alt som skjedde. Om vi gløymer det, vil det skje igjen.

I diktet «Til Ungdommen» av Nordahl Grieg, er det ei strofe som lyder slik: « ... hva skal jeg kjempe med, hva er mitt våpen?». Eg trur mange som var i konsentrasjonsleirane tenkte dette ofte. Korleis dei skulle kjempe, og med kva. Dei hadde jo ingenting.

Nazistane hadde jo tatt alt dei eigde.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Jødane hadde det forferdeleg i Polen under krigen.

Det var dei som vart behandla verst, og minst som menneske.

Når nazistane snakka om jødane, kalla dei dei ofte for rotter. Og det var slik dei blei behandla, som rotter som levde i små, mørke rom, og som nazistane prøvde å utrydde.

Dersom eg var jøde på den tida, og var i ein konsentrasjonsleir, då trur eg eg hadde slutta å følt meg som eit menneske.

Eg hadde følt at eg ikkje var verd noko, og at menneskeverdet mitt hadde blitt heilt lik null.

Etter at eg kom heim att frå Krakow forstår eg kor viktig det er at vi er snille mot kvarandre, og at vi ikkje deler folk inn i rasar.

Vi er alle menneske som er verd like mykje.

Ingen skal, og ingen kan ta frå deg det.

Eg oppfordrar alle til å besøke konsentrasjonsleirane ein gong.

Det å besøke leirane gir deg eit nytt syn på korleis krigen var, og korleis ting kan bli dersom vi gløymer kva som skjedde.