Aasbakkane Garasjebryggeri i Sykkylven, Trollbryggeriet i Liabygda og Baatbryggeriet i Vestnes henta alle heim prisar frå ølfestivalen på Stranda sist helg.

– Det var jo heilt fantastisk at dei lokale bryggarane skulle gjere det så godt, seier festivalgeneral Anders Adolfsson.

Første gong

Stranda Porter & Stoutfestival, festivalen for mørkt øl, vart i helga arrangert for første gong.

Festivalen fann stad i Storfjord Kulturhus og på Stranda Hotell.

Anders Adolfsson, til vanleg kjøkensjef på Stranda Hotell, seier at det blir ein ny festival i oktober neste år.

– Alle bryggeria er positive til ein ny festival neste år. Så Stranda Porter & Stoutfestival er komen for å bli, slår han fast.

Rett nok kom det litt færre besøkande enn han hadde håpa på, 400 i løpet av dei tre dagane festivalen gjekk føre seg.

– Men stemninga var god, utstillarane var godt nøgde og eg har fått mange gode tilbakemeldingar, seier Adolfsson.

Sykkylven

I klassa for heimebryggarar vann Aasbakkane Garasjebryggeri frå Sykkylven førstepris for sitt «Modern Porter» i kategorien Moderne Stout/Porter.

Dei same bryggarane vann også publikumsprisen.

I same klasse fekk Per Arne Nonsvik, utflytta skodjebygdar, førstepris i kategorien Porter.

I klassa for kommersielle bryggeri vart det også prisar til Nordvestlandet:

Baatbryggeriet i Vestnes med sitt øl «Nygle», vann førsteprisen i kategorien «Stout», medan Trollbryggeriet i Liabygda vann publikumsprisen for sin «Slogen Porter».

– At dei to lokale bryggeria hevda seg så bra i konkurranse med mange, større kommersielle bryggeri, synest eg er svært gledeleg, legg festivalsjef Anders Adolfsson til.

Under festivalen på Stranda i helga var det også tid til anna enn å smake på øl.

Det var fleire seminar og kåseri, boklansering, utflukter og bryggeribesøk, og festivalpub.

Anders Adolfsson slår allereie no fast at det blir ny ølfestival på Stranda neste år. Foto: Nikolas Birkevold Farstad
Publikum på ølfestivalen meinte at mellom dei kommersielle bryggeria var det Trollbryggeriet i Liabygda som laga det beste ølet. Her ser vi ølbryggar Jørund Ringset i aksjon. Foto: Terje Engås