Volda kommune

Vil truleg skrinlegge endå eitt kulturhus-prosjekt

Det nye mediebygget ved Høgskulen i Volda vil måtte byggjast utan kultur- og kinosal.

Spleiselag Høgskulen i Volda går vidare med planane for nybygg til medie- og kulturfag, men signal i formannskapet måndag tyder på at kommunen trekkjer seg ut av spleiselaget. Ein kultursal blir nemleg dobbel så dyr som kommunen har rekna med tidlegare.   Foto: Illustrasjon: Arkitekt Siri Bakken

Nyheter

Dette kom fram i formannskapet i Volda måndag, ifølgje avisa Møre. Husleigeprisen som Statsbygg har presentert, gjer at både ordføraren og fleire politikarar er innstilt på at ein skrinlegg samarbeidsplanane.