Men Avinor seier blankt nei:

– Vi bruker bokmål på flyplassar med nasjonalt eller internasjonalt tenesteområde, slik som Vigra. Så her blir det framleis bokmål, seier kommunikasjonsrådgjevar Lasse Vangstein i Avinor.

Nasjonale lufthamner skal etter deira syn nytte bokmål fordi det gjer fleirtalet i Norge.

Det er altså Språkrådet som har teke opp saka.

Dei viser til at Ålesund lufthavn ligg i nynorskkommunen Giske, i ein region der alle kommunar utanom Ålesund er nynorskkommunar.

Ålesund har definert seg sjølv som språknøytral.

– Etter Språkrådets vurdering er det heva over all tvil at lufthamna må reknast for å ha nynorsk som tenestemål. Det inneber at norskspråkleg skilting og anna skriftleg informasjonstilfang, medrekna nettsider, med tilknyting til lufthamna, skal vere på nynorsk, skriv Språkrådet i eit brev til Avinor.

Full støtte

Og dei blir heia fram av Noregs Mållag:

– Vi gir full støtte til Språkrådet, seier mållagsleiar Magne Aasbrenn.

LEIAR Magne Aasbrenn er leiar i Noregs Mållag. Han støttar framlegget om nynorsk på flyplassen på Vigra.

– Avinor må gå i seg sjølv og rette opp lovtolkingane slik at norske lufthamner kan få teksting som følgjer offisiell norsk språkpolitikk. Bokmål og nynorsk er likestilte i dette landet, og det er svært viktig at også nynorskskrivande får møte språket sitt i offentleg skilting, legg Aasbrenn til.

Han seier til Sunnmørsposten at dei 600.000 som dagleg nyttar nynorsk har rett til å få sjå dette skriftspråket i bruk i kvardagslivet.

Giske vil ha nynorsk

Ordførar Harry Valderhaug (KrF) i nynorskkommunen Giske nyttar sjølv nynorsk når han skriv.

– Ettersom flyplassen ligg i ein nynorskkommune, hadde eg helst sett at det vart nytta nynorsk på flyplassen, også, seier Valderhaug.

– Bortsett frå Ålesund, som er språknøytrale, så er det vel nynorsk som blir nytta i alle kommunane rundt oss, legg Harry Valderhaug til.

Men nye skilt er ikkje på veg:

– Eg held meg til det Avinor sentralt vedtek. Vi byter ikkje ut skilt på ordre frå Språkrådet, seier lufthamnsjef Tor Hånde.

– Ville ei utskifting av skilta bli omfattande?

– Ja, det er svært mange skilt, både inne og ute, så då er det snakk om ein kostnad på fleire hundre tusen kroner, svarer lufthamnsjefen.

NYNORSK: Ørsta Volda lufthamn er ein av dei små flyplassane i landet som nyttar nynorsk. Så her heiter det ikkje «ankomst», men «innkomst». FOTO: TERJE ENGÅS Foto: Terje Engås