Ville ta over heile Forland Shipping:

Åge Remøy fekk nei

Obligasjonseigarane ville ikkje utsette lån slik at Åge Remøy kunne ta over heile Forland Shipping.

Fikk nei Åge Remøy  Foto: Stig Vågnes

Nyheter

I følgje ei børsmelding fra Oslo børs var det berre 54,4 prosent av eigarane av obligasjonslånet (som har finansiert subsea-skipet "Fugro Saltire") som stemte ja. Kravet var 2/3 stemmer for å få til refinansieringa.

Les børsmeldinga her

Nettavisa nett.no (krev innlogging) skriv i dag at i følgje Remøy blir den planlagde emisjonen gjennomført, men redusert. Nord Vest går inn med 60 millionar kroner i ny eigenkapital i dotterselskapet av Forland Shipping som eig "Forland Inspector".

Transaksjonen inneber og at In Nord Vest blir eigar av 50 prosent av Forland Shipping - som også eig datterselskapet som eig "Fugro Saltire", skriv nett.no.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter