Samspelet mellom ferja, passasjerane og musikarane stod sentralt i den heilt spesielle konserten på ferja Folkestad – Volda. Også ferjemannskapet medverka.

– Det handlar om møtet mellom kunstnarar og publikum, der publikum er like viktig som utøvarane, seier Runa Godø Sæther, ein av dei fire studentane som tok eksamen på ferja.

Mangla svele

Eksamensoppgåva var å lage ein produksjon innan det som blir kalla relasjonell estetikk, på masterstudiet i kreative fag og læreprosessar.

Dei fire studentane kontakta Nordled, som straks var med.

– Vi tende på ideen. Det er kjekt å gjere noko anna enn det vi gjer til vanleg, seier kaptein Terje Haugen.

På eksamensturen gjekk musikkstudentane om bord som vanlege passasjerar. På denne turen kom dei reisande inn på ferja, utan å finne svele.

– Sveler er sjela i ferja, og når svelene ikkje er der, kva skjer då? Folk blir litt irriterte. smiler Runa Godø Sæther.

I framføringa laga studentane litt oppstyr, før dei begynte å spele og synge om sveler.

Glede i kvardagen

Deretter kom billettør Trond Lid plutseleg inn i konserten med eit heilt fat med nysteikte sveler, som musikarane fekk dele ut gratis til dei reisande.

– For oss handlar det om å spreie glede i kvardagen til folk. Det er motivasjon god nok, seier Øystein Hovland og trekkjer fram at studentane også vil utforske song og musikk i folk sin kvardag.

Studentane fekk god respons:

– Dette var veldig gøy. Ja, heilt topp, seier ferjepassasjer Thomas Larsen.

Førsteamanuensis Stein Helge Solstad ved Høgskulen i Volda vedgår at det er ei spesiell eksamensform. Det handlar om å sjå kva potensial som ligg i framføringa, kva som skjer når ein endrar, legg til og tek vekk element.

– Intensjonen er å bli bevisst på kva ramme som ligg i framføringa og korleis ein manipulerer publikum til å få ei ny oppleving. Ofte er utøvarane i sentrum, men her blir publikum i sentrum og ein tek utgangspunkt i dei, seier Solstad.

Masterstudiet kreative fag og læreprosessar er nytt av året. Musikk er ei av fire retningar ein kan velje. Studentane har fokus på dei praktiske sidene ved faget, som går på teknikk og samspelet mellom den som formidlar og den som tek imot.

Framføringa på ferja er berre ein del av eksamen i faget. Studentane skal også ha ein skriftleg del.

Også fire andre studentar tok eksamen fredag, men dei held konserten på høgskulen.