Det skriv Sanner i sitt svar til Aps Fredric Holen Bjørdal.  Han ba i eit skriftleg spørsmål om ei avklaring  på kva for kriterium vil statsråden leggje til grunn ved godkjenning av namn på dei nye regionane etter regionreforma.

- I mi tilråding til Stortinget vil eg leggje stor vekt på lokale ønske, og at namnet er mest mogeleg samlande. Råd fra Språkrådet vil vere ein del av den samla vurderinga, skriv Sanner i svaret.

Om ordskiftet som har vore etter at det blei kjend at fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordland ønskte Vestlandet som namn på det nye storfylket, syner at det er eit samlande namn, gjenstår å sjå.

Holen Bjørdal trur ikkje regjeringa kjem til å tilrå at Vestlandet blir det nye namnet.

- Etter dette svaret vil det overraske meg om regjeringa vil tilrå Vestlandet som namn på den nye regionen. Ikkje er det samlande, og Språkrådet er kritisk, så då vil neppe kriteria Sanner her seier han vil legge til grunn vere oppfylde, påpeikar Holen Bjørdal.

- Seier regjeringa nei til Vestlandet, er det vanskeleg å sjå føre seg at Stortinget vil gjere nok anna, legge han til.

Og det lite i svaret frå Sanner som tyder på at dei to fylka får namneønskje sitt oppfylt.

- Val av fylkesnamn er viktig når ein skal byggje eit nytt fylke og ein felles identitet. Dersom fylkeskommunane ønskjer eit namn som ikkje er i bruk i dag eller dersom dei er usamde, skal namnespørsmålet leggast fram for Språkrådet, som gir ein rådgjevande uttale. Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil til våren leggje fram ein lovproposisjon om endring av denne lova, med forslag til nye fylkesnamn, skriv Sanner.

Aps Fredric Holen Bjørdal trur ikkje kommunalministeren kjem til å godta Vestylandet som nytt fylkesnamn.