Dette fortel lærarstudent Siril Bratten (22) frå Mork i Volda.

Sidan 1. november har ho vore å sjå og høyre i lokale media med antimobbekampanjen ho sjølv har sett i gang: #ein til.

Sjølve kampanjen skal vare til 15. november.

– Men eg håper opplegget vil gje gode ringverknader langt utover den tid, seier den engasjerte kvinna. Ideen hennar er å starte inkluderingsarbeid heilt i det små. Det vil seie på einpersonsnivå. Ho oppmodar alle om å tenkje seg om når dei skal gjere noko, vere med på noko eller kva som helst aktivitet: Finst der ein einsam person ein stad som kunne hatt utbyte av å vere med? Som i det minste kan kjenne gleda ved i det heile å verte invitert med på noko. Av nokon. Og den nokon må tenkje aktivt, vidt og breitt, oppmodar kampanjeskapar Siril Bratten.

Bursdagsselskapet

Bratten kallar seg sjølv for tidlegare mobbeoffer, og er ikkje redd for å ta på seg den etiketten.

Ho er viss på at det hjelper å prate om mobbing, at det faktisk må pratast om.

Og takast stilling til.

Heilt på tvers av generasjonane.

– Det kan vere svært små forskjellar på å verte verande eit mobbeoffer, eller å få sjansen til å kome seg ut av det.

– Personleg opplevde eg ein gong for godt over ti år sidan å vere den einaste som ikkje var invitert i eit stort bursdagsselskap. Det var ikkje første gongen, og eg var veldig lei meg.

– Det var då at ei veninne stod opp for meg. Ho spurde om eg verkeleg var den einaste som ikkje var invitert, hugsar Grevsnes Bratten.

Til si enorme glede opplevde ho at veninna stod opp for ho, akkurat då ho trong det som aller mest.

– Ho sa at dersom det var på den måten, så ville ikkje ho heller gå i selskapet. Og ho fekk endå nokre med på dette.

– Eg vart så glad at eg trudde nesten ikkje det eg opplevde den gongen, fortel Bratten.

Vendepunktet

Ho fortel at denne situasjonen vart eit stort vendepunkt når det galdt opplevingane av mobbing.

– Eg spurde veninna mi i går om ho hugsa kor viktig den situasjonen var for meg. Ho sa at ho kunne hugse situasjonen, men ikkje at det hadde vore spesielt viktig for meg. Så ufatteleg ulikt kan ein altså oppleve ei og same hending, smiler Bratten.

Ho meiner at foreldre har ei enormt viktig rolle når det kjem til mobbing.

EFFEKT Skarre-r var ein liten detalj som Siril trur har vore medverkande til mobbing. Ho skal snart på sitt første politiske landsmøte, etter at ein person inviterte ho inn i Sp-ungdommen. Foto: Knut Arne Aarset

– Mobbing kan starte veldig tidleg, og vere fullt utvikla når dei første barneselskapa tek til. Då er det foreldra som på eitt eller anna vis har lagt lista. Med haldningane sine, eller endå meir mangel på slike, insisterer Siril Bratten.

Ho trur at ho sjølv fekk startvanskar av moment som at ho har ein utprega skarre-r, som er lite utbreidd i området.

– Det kan vere små ting. Kroppslege ting, smådetaljar, ja nesten kva som helst. Og står du der først som eit mobbeoffer etter lengre tid, ja då kan det vere fælsleg vanskeleg å kome ut av det. Og det er då, mellom anna, at inkluderingskampanjen min skal slå inn, håper Bratten.

God respons

– Korleis synest du det har gått dei første dagane?

– Eg har jo fått ein veldig respons, det har eg. Det einaste eg er litt skuffa over, er at nesten ingen har brukt hasjtag’en på Instagram, og dermed få delt den gode bodskapen endå meir.

– Men eg har alt fått sjå at ein slik kampanje har sprengkraft i seg til å kunne nå veldig langt, opplever Bratten.

I 2012 var ho utvekslingsstudent i Canada. Via vertsfamilien hennar der, har den sosialiserande kampanjen hennar spreidd seg i rekord fart.

– Mobbing er ei universell utfordring, konkluderer ho.

Ein person er nok – berre du får vedkomande med ut på noko som skjer, og som kan skape positive ringverknader, seier Gunnar og Siril i antimobbeantrekk. Foto: Knut Arne Aarset