Faren er om viljen og pliktene er større enn lommeboka tillèt.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik la i går fram sitt framlegg til budsjett og økonomiplan.

Driftsbudsjettet for neste år er på heile 3,8 milliardar, og aldri tidlegare har investeringsplanen for fylkeskommunen vore så stor. Og på investeringsplanen for dei neste fire åra er det ikkje snauare.

Bygging av Nordøyvegen er den største enkeltposten på denne planen.

I tillegg krev etterslepet på vedlikehald av vegnettet og dei vidaregåande skulane sitt. Totalt skal fylkeskommunen ut med for 6,5 milliardar dei neste fire åra. Nordøyvegen utgjer litt over 2,6 milliardar av dette.

Fylkeskommunen kan i svært liten grad påverke sine eigne inntekter.

Dei kjem i all hovudsak frå skatt, statlege rammetilskot og øyremerka overføringar.

Strengt tatt er det altså berre når det gjeld utgiftene fylkespolitikarane har handa på rattet og føtene på pedalane.

Og når viljen til å kome raskt til gode resultat er stor, er gassfoten den som blir brukt mest. Slik er det også for Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utgiftene aukar raskare enn inntektene, og i perioden 2019 til 2021 reknar fylkesrådmannen med at det pengane renn fortare ut enn dei renn inn.

Einaste måten å få dette til å gå i hop på, er å grave djupt i dei fylkeskommunale driftsfonda.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

Når reservane krympar på denne måten, misser fylkeskommunen fleksibilitet, handlefridom og aukar risikoen.

Dei mange tunge investeringane fylkeskommunen står framfor, vil i åra som kjem føre til ein kraftig gjeldsvekst.

Vi har i dag tidenes lågaste rentenivå.

Mange spår at dette er den nye normalen, men vi må også ta høgde for at dette kan snu.

Fylkeskommunen må på same måte som hushaldningane kunne tole ein renteauke utan å gå på ein smell.

Møre og Romsdal er i ferd med å nærme seg gjeldstoppen blant fylkeskommunane.

Det er modig å gamble på at staten stiller opp om renteflaksen tar slutt.

Det blir neppe den med den største gjelda som får mest hjelp.