– Vi vil gjerne selje skulen, men har ikkje funne nokon kjøpar, seier ordførar Arne Sandnes (Sp) i Norddal.

Skulen i Tafjord vart teken i bruk i 1995, etter at den førre skulen brann ned. Drygt ti år seinare vart han lagt ned.

Mellombels rådhus

Med unntak av at skulen i 2012 vart nytta som mellombels rådhus medan det vanlege rådhuset i Valldal vart pussa opp, så har skulebygget i Tafjord for det meste stått tomt.

– Det er synd, for det er eit flott anlegg. Bygget er i god, teknisk stand, seier Sandnes.

Det er snart eit år sidan Norddal kommune la skulen ut for sal, med eit prisforslag på 3,5 millionar kroner.

Eigedommen er på 1.047 kvadratmeter. Heile tomta er på 4.200 kvadrat.

Norddal kommune er klare på at dei ikkje automatisk sel til dei som kjem med det høgaste bodet, men til dei som har gode planar for bygget.

– Det er viktig at salet av skulebygget kan vere grunnlag for arbeidsplassar i Tafjord.

– Bygda treng både arbeidsplassar og fleire innbyggarar. Tafjord er ei bygd som ventar på framtida, seier Arne Sandnes.

Etter at skulebygget i kraftbygda vart lagt ut for sal sist vinter, kom det inn eitt bod.

Hemmeleg

Men dette bodet vart forkasta av kommunen:

– Dette var ei B-sak, så eg vil ikkje seie meir konkret kva bodet gjekk ut på, eller kven som ville kjøpe skulen. Men etter ei samla vurdering kom vi til at vi forkasta dette bodet, seier ordføraren.

– Kva er det skulen høver til?

SELJAR: Ordførar Arne Sandnes ventar på den rette kjøparen i Tafjord. ARKIV

– Det vil vi gjerne at folk skal kome med gode idear til. Eg meiner at bygget hadde passa godt både til leirskule og til bruk i barnevernet, for å nemne noko. Bygget er jo bygd for undervisning.

Han legg til at kommunen har is i magen, og vil vente til dei rette folka dukkar opp med gode planar for det ledige skulebygget.

Medan det har gått treigt med å selje skulebygget i Tafjord, har kommunen kvitta seg med andre bygg – slik som eit gamalt ungdomshus, Eidsdal skule, den gamle brannstasjonen i Eidsdal og gamlebanken i Valldal.

Også eit kombinasjonsbygg i Dalsbygda vart selt – til to ulike kjøparar.