Norsk Sjømat Oppdrett AS sin søknad om løyve til fire utviklingskonsesjonar i Stordal møter framleis motstand.

No har Fiskeridirektoratet vedteke å oppretthalde eit tidlegare avslag.

Ny sjanse

– Saka går då direkte vidare til Fiskeridepartementet for endeleg avgjerd. Så då får vi sjå kva departementet i siste instans meiner om saka.

Det seier Harald Espeland, styreleiar i Stordal Aquaproduksjon AS, som står bak planane – eit selskap Norsk Sjømat er medeigar i.

Mange hundre millionar

Dersom det blir eit endeleg avslag, vil planlagde investeringar på mange hundre millionar kroner gå i vasken.

Norsk Sjømat har vore klar på at investeringa i Stordal ikkje berre skal gje bygda inntil 50 arbeidsplassar, men også vere med på å sikre dei ca. 250 arbeidsplassane ved Norsk Sjømat på Stranda, som treng meir råvarer, regelmessig og til ein overkommeleg pris.