Kvinne dømd etter trafikkulukke

Ei kvinne frå Stryn kommune er dømd til 21 dagar betinga fengsel etter ei trafikkulukke som førte til at passasjeren hennar døydde.

Dom Kvinna vart dømd til fengsel i 21 dagar på vilkår etter ei ulukke der passasjeren hennar mista livet. 

Nyheter

(Fjordingen) Ulukka skjedde på fv 60 mellom Olden og Innvik i fjor sommar. Kvinna kom over i motsett køyrefelt og ut av vegbana slik at bilen velta. Både førar og den eldre passasjeren vart skadde. Passasjeren døydde ti dagar etter ulukka. Bilføraren forklarte i retten at bilen ho køyrde var ukjend, og at uhellet kan ha skjedd fordi ho vart oppmerksam i samband med giring. Ho innrømte straffskuld og har bidrege til tilståingsdom.