Ifølgje Norled hadde dei 99,90 prosent regularitet på sambandet Larsnes - Åram - Voksa - Kvamsøya.

Reiarlaget opplyser om 16 kansellerte turar til og med september.

«Om dei gjekk alle turane skal ferja her ha utført 15.689 turar dei ni første månadene i år. Sjølv skriv Norled i statistikken at dei utførte 15.673 turar, altså berre 16 i manko. Dermed har Norled rekna ut at ein på Larsnes-sambandet har utført 99,90 prosent av turane dei etter ruteplanen skal ha gjennomført», skriv avisa Vestlandsnytt.

Feil i talgrunnlaget

Ein rundtur frå Larsnes og tilbake representerer seks turar.

– Svaret er at Norled sin statistikk ikkje kan stemme. Faktisk er det slik at vi tolkar tala berre ein brøkdel av alle ikkje-utførte turar som står oppført i den offesielle statistikken frå Norled, skriv Vestlandsnytt.

Regionsjef Inge Andre Utåker legg seg flat:

– Eg har sjekka 9. juni og 15. juli. Du har heilt rett. Våre rapportar er feil.

Samstundes ber Utåker om beklaging og legg til at reiarlaget no kjem til å gå gjennom sine rapportar på nytt.

Veit ikkje omfanget

Regionsjefen meiner det er for tidleg å seie kvifor det har vorte feil i talmaterialet.

– Vi har gjort førebelse undersøkingar. Eg har ikkje meir å kome med no. Vi har starta ein prosess opp mot Statens vegvesen for å rydde opp, seier Utåker til smp.no.

– Veit du kor mange turar det er rapportert feil om?

– Så langt veit eg berre om dei to datoane Vestlandsnytt omtalte.

– Er det grunn til å tru at det kan ha blitt rapportert feil på andre samband?

– Det veit eg ikkje, eg hadde jo ikkje grunn til å tru at det var nokon feil i det heile. Eg kan ikkje svare før vi har vore gjennom dette, seier Utåker.

Fylkeskommunen stiller høge krav til Norled sin regularitet i sine kontrakter.