Statens vegvesen har inngått kontrakt med Fugro Norway AS for marine grunnundersøkingar i Sulafjorden, Vartdalsfjorden og Halsafjorden. Formålet er å skaffe nødvendig grunnlag for prosjektering av nye fjordkryssingar, melder Vegvesenet.

Dei foreslåtte brutraseane kan få fundament på inntil 500 meters djupne. På slike djupner krevst det spesialutstyr som ikkje Vegvesenet sjølv har.

Kontrakten er verdt ca. 75 millionar kroner. Oppdraget omfattar både geofysiske undersøkingar, lette geotekniske undersøkingar og prøvetaking i fjordane.

Først skal dei sjekke om dei foreslåtte traseane for bruene er eigna for dei foreslåtte brukonsepta. Dette arbeidet startar opp i desember. I fase to skal det hentast inn detaljert informasjon, med tanke på utforming og dimensjonering av fundament på sjøbotnen. Planlagt oppstart for dette er i august 2018.