Allereie før møbelmessa i Stockholm i februar hadde Helland Møbler i Stordal fått ordrar på nesten 600 kvilestolar til det nye Karolinska Universitetssjukhuset i Stockholm.

– Etter det har vi levert endå fleire stolar dit. Og no er vi også aktuelle for leveransar til tre andre sjukehus i Sverige. Der er vi med i anbodsrunden, seier Joakim Helland, dagleg leiar i Helland Møbler.

Bedrifta har 22 tilsette i Stordal, men produserer ikkje noko der.

Det gjer dei ved dotterbedriftene sine på Verma i Romsdalen, der dei har åtte tilsette, og ved hovudfabrikken i Estland som har ca. 60 tilsette.

80 millionar

– Det går bra no. Vi kjem truleg til å få ei omsetning på rundt 80 millionar kroner i år, og så mykje har vi ikkje seld møblar for dei siste ti åra, legg Helland til.

Han er denne veka i Italia for å kjøpe nye maskiner til fabrikken i Estland.

Overskotet blir pløgd inn i bedrifta igjen. På denne måten investerer ein for framtida, forklarer den daglege leiaren.

– Det tek også til å røre seg litt i Tyskland no, etter at vi fekk eige salskontor der. I tillegg går det jamt bra i den norske marknaden, seier Helland.

Gardermoen

Mellom anna fekk dei i år ein ordre på over 100 kvilestolar til det nye LHL-sjukehuset på Gardermoen.

Dette sjukehuset opnar neste år, og vil bestå av fire klinikkar: medisin, kirurgi, invasiv kardiologi og rehabilitering/livsstil.

Helseinstitusjonar er altså Helland Møbler sitt spesialområde, og det går mest i kvilestolar, som dei leverer fleire modellar av.

Kvilestolane som skal stå i 630 pasientrom på det nye sjukehuset i Stockholm er modellen «Duun», designa av Helge Taraldsen.

Dette året har dei også lansert konferanse- og kantinestolen «Dis», ein stablestol designa av Helge Taraldsen.

Gondoltur

Nyleg feira Helland Møbler 70 år. Det vart markert ved at Joakim Helland inviterte med seg alle tilsette i Stordal, med følgje, til ei helg på Hotel Alexandra i Loen.

I tillegg vart det gondoltur opp til Hoven.

Helland 70 år. Jublieumsfest i Loen. Biletet er teken på Hoven. Foto: GEIR SRISOI
DUUN: Kvilestolen Duun, designa av Helge Taraldsen, er seld i mange hundre eksemplar til Sverige. FOTO: HELLAND MØBLER Foto: Helland