Den nye barnehagen skal byggjast i Andersrøbbane/Grigåsrøbbane på Midtbust, melder Stordal kommune i ei pressemelding.

– Ein stor dag for Stordal, Barnas kommune, seier ordførar Eva Hove i pressemeldinga.

Lang prosess

Noverande barnehagebygg i Stordal er nedslite og tungvint å drifte, sidan avdelingane er fordelt på fleire bygg.

Kommunestyret har mot ei stemme vedteke å byggje ein ny barnehage innanfor ei kostnadsramme på 26 millionar kroner.

– Det har vore ein lang og møysommeleg prosess frå kommunen sette ned ei prosjektgruppe i 2011 og fram til vedtak no vart gjort. Det har vore omvegar undervegs, men til sjuande og sist viste stordalssamfunnet fram ein av sine beste kvalitetar, nemleg evne til å konsolidere og trekkje i lag, seier Hove.

Entreprenør er klar

Ordføraren meiner det nye barnehagebygget har fått ei arkitektonisk fin utforming og er fint tilpassa terreng og omgivnader elles.

Barnehagen er planlagt som ein fleksibel treavdelingsbarnehage for 48 born.

Kommunen går no til kontraktsavklaringar med Christie Opsahl, som har signalisert at dei er klare til å setje i gong.

Busengdal Transport er allereie i gang med  å opparbeide veg og gangveg til det nye bustadfeltet og den nye barnehagen, ifølgje pressemeldinga.