Ifølgje Meteorologene på Twitter har det vore sterk storm ved Stad i natt.

Det dårlege vêret torsdag morgon fører til problem for hurtigbåten mellom Nordøyane og Ålesund. Ruta var innstilt, men like før klokka halv ni torsdag morgon melde Boreal at M/S Kalvøy tek opp ruta frå Harøya klokka 09.00.

Vi gjer merksam på at det kan bli kanselleringar av anløp undervegs på grunn av vêrforholda, melde Boreal.

Oppdatering klokka 09.48: Hurtigbåten er tilbake i den vanlege ruta, ifølgje siste meldinga frå Boreal.

Takplater bles av

Politiet på Vestlandet stadfestar overfor NTB at det er mykje regn og vind i fleire fylke, men så langt har dei ikkje fått mange meldingar om skader.

I Sunndal i Møre og Romsdal har vinden vore  merkbar. Politiet skreiv på Twitter klokka 4 at blikkplater, papp og delar av ein vegg på eit næringsbygg var tatt av vinden. I tillegg var takplater sett flygande i sentrum av kommunen, noko som førte til at vegen blei stengd.

– Det bles godt, men det er ikkje mange meldingar om skader, sa operasjonsleiar Tove Anita Asp til NTB klokka 4 natt til torsdag.

Vind i orkan styrke

Torsdag morgon har det vore sterk storm ved Stad. Lenger sør langs kysten, i Sogn og Fjordane og Hordaland, verkar det meir roleg, ifølgje NTB.

Operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt opplyste til NTB like før klokka 5 natt til torsdag at dei hadde fått inn to-tre meldingar om tre som har velta. Det regna og bles godt, men elles har det har det vore roleg, ifølgje politiet.

– Men nå når folk vaknar og skal ut og køyre, er det mogleg vi får inn fleire meldingar om stengde vegar på grunn av velta tre og liknande, seier Magnussen til NTB.

Full storm

Onsdag blei det sendt ut varsel om mogleg vind opp i orkan styrke langs vestkysten.

Statsmeteorolog Martin Granerød sa til NRK at det vil vere sørleg full storm langs heile kysten på Vestlandet, og det kan hende det blir vindstyrke opp i orkan ved Stad.  Det verste vêret var venta langs kysten av Sogn og Fjordane, Hordaland og Møre og Romsdal, ifølgje NTB.

Vegtrafikksentralen Vest melder at på riksveg 7 ved Hardangervidda er det kolonnekjøring på grunn av dårlig vêr.

Boreal sin hurtigbåt til kai i Ålesund. Hurtigbåten til Valderøy og Nordøyane innstiller på grunn av uvêr. Arkiv Foto: Line Helgesen