(Vikebladet:) Kommunetilsett tok nåla i eiga hand:

Eller, det er det avdelingsleiar for drift og anlegg, Odd Kåre Wiik, har gjort: han har lappa dei blå, velbrukte stolane med raudt stoff og kvit tråd,

– Vi offa oss litt over at stolane var i ferd med å verte dårlege, så då tenkte eg at eg skulle bøte dei. Som sagt så gjort, og for meg er ikkje dette nokon big deal eller noko stor sak, seier Wiik.

– Ikkje ein protest

Odd Kåre Wiik er kjend som muntrasjonsråd på kommunehuset, og har gjennom sine 35 år i kommunen hatt føre seg ei rekkje stunt, som han kallar det.

– Syinga var gjort på to-tre matpausar, det går fint an å ete og sy på same tid, fortel han då lokalavisa etter mykje om og men har fått lokka han til ein liten fotoshoot på pauserommet.

– Eg synest vel ikkje dette er noko å lage ei stor sak ut av, det er slett ikkje meint som nokon protest eller demonstrasjon eller noko sånt. Det var berre naturleg for meg å gjere det, fortel han.

Raude Dei blå, velbrukte stolane har fått raude lappar med kvite sting.

Til no har tretten av stolane fått raude lappar sydd på med kvit sytråd. Stoffet fekk han hos Laila Tekstil og Interiør, nål og tråd fann han heime.

– Eg synest det må gå an å nøyte ting. Bøtene er veldig synlege, eg prøvde ikkje å gjere lappinga usynleg, altså.

Kva sting har du brukt?

– Godt spørsmål! Eg anar ikkje, er det noko som heiter faldesting? Eller tråkling? Det er i alle fall same teknikk som når du syr ei rullepølse, fortel han.

Gode tilbakemeldingar

Wiik skjønar at dei lappa stolane vert lagt merke til, sidan pauserommet ligg i eit offentleg bygg og like ved kommunestyresalen på rådhuset. Han fortel at han har fått gode tilbakemeldingar frå dei som jobbar i kommunen.

– Det er litt krydder i kvardagen, så eg har fått berre positive kommentarar. Vi kan ikkje ha eit pauserom med holete stolar, veit du!

Og medan vi er i pauserommet, oppdagar Wiik endå ein stol som treng ei handsrekning.

– Ja, sjå her du, her er små hol, ja, desse må snart ordnast, seier han og pirkar forsiktig ned i fyllstoffet.

Denne saka sto først på trykk i Vikebladet.