Dette fortel Jørgen Bysveen, regional koordinator for Automatisk trafikkontroll, ATK, i Statens vegvesen. Ifølgje Bysveen er det ei rekkje samanhengane hendingar som har ført til den lange driftsstansen.

– Dette visste eg verkeleg ikkje, seier lensmann Guttorm Hagen, som er einingsleiar for politiet på Søre Sunnmøre. Nøyaktig det same sa han til lokalavisa Vikebladet Vestposten i august 2017, då avisa avslørte at det ikkje hadde vore fartsmålingar i det heile siste to åra.

Hærverk i botnen.

Sunnmørsposten skreiv i 2015 at det ved fleire tilfelle hadde vore hærverk på måleutstyret for fart i botnen på Eiksundtunnelen. Ikkje lenge etterpå vart det altså umeldt- og utan vidare slutt på alle målingar i den knapt åtte kilometer lange undersjøiske tunnelen, der det i ei og same ulukke var fem dødsfall året etter opninga i 2008. Etter dødsulukka, etter og fleire nestenulukker, kom det frå fleire hald sterke krav om fartsmåling i verdas djupaste undersjøiske tunnel. Mellom andre stod dåverande Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol (AP) hardt på krava.

– Eg kan ikkje sjå ein einaste grunn til at vi ikkje skal kunne gjennomføre fartsmåling i tunnelen, sa ho.

Måling på tre strekningar

Etter kvart vart det då også innført slik måling, etter at Statens vegvesen, i nært samråd og samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune, investerte- og monterte installasjonane som vart tinga. Det vil i praksis seie måling får Ørsta sida og ned mot botnen av tunnelen, frå Eiksundsida og ned mot botnen motsett veg, og frå botnen og opp att mot Steinnes i Ørsta. Installasjonane førte til ei markant seinking av farta gjennom tunnelen.

Stopp utan varsel

Så var det at målingane, umerkeleg og utan varsel, vart kopla ut. I forkant hadde Sunnmørsposten fortalt at det var registrert omfattande hærverk på målestasjonen i botnen av tunnelen. Representantar for vegvesenet uttrykte fortviling over at nokon stoppa opp og øydela for målingane på denne måten. I alle fall vart målingane stoppa. Eit oppslag i lokalavisa avslørte så at det ikkje lenger fanst ei einaste måling lenger.

Lensmannen ikkje informert

Lensmann Guttorm Hagen i Ørsta/Volda uttrykte overrasking over det avdekte, og stilte spørsmål ved om nye målingar kunne verte sett i verk, etter Vikebladet Vestposten si avsløring.

– I motsett fall må politiet vurdere å setje i gang med eigne fartsmålingar, sa Hagen den gongen.

Vil ha fartstavler

Under ein reportasjetur til ei Ulsteinvik sist tysdag oppdaga Sunnmørsposten sin utsende medarbeidar at det på nytt blinka raudt ved nedgangen til Eiksundtunnelen. I tillegg var det markant meir bremselys å sjå – enn på ei tid. Bilistar som tydeleg var redde for å overskride fartsgrensa. Lensmann Hagen har heller ikkje denne gongen fått varsel, om at målingane er sett i gang att.

– Nei, det har eg ikkje. Vi har jo dagleg patruljar gjennom tunnelen, og vi observerer på den måten trafikken. Når det no først er målingar i gang att, så hadde eg gjerne sett at det også vart sett opp fartsmålingstavler, slik at trafikantane kan kjenne si verkelege fart.

– Som kjent er fartsmålarar i bilane ulike, og det er ikkje ønska at folk skal køyre heilt ned mot under 70 km/t for å vere sikre. Då blir det i staden uønska forbikøyringar, vurderer lensmann Guttorm Hagen.

Jørgen Bysveen i vegvesenet kan ikkje svare på om fartstavler kan vere aktuelt å setje opp.

Botnen: Her i djupaste botnen på Eiksundtunnelen, er det på nytt fartsmålingar i begge retningar. I 2014 rauk det 18 førarkort her, med over 800.000 kr i bot. Året etter rauk berre eitt førarkort ... Foto: Knut Arne Aarset
Lensmannen: Guttorm Hagen seier seg glad for at det på nytt har kome i gong fartsmålingar i Eiksundtunnelen. Arkivfoto: Knut Arne Aarset. Foto: Knut Arne Aarset