– Då er vi i mål, og det blir gratis å passere over Sykkylvsbrua i januar/februar, seier dagleg leiar Steinar Nordmo.

Han forklarer at når trafikktala for oktober er komne i hus i slutten av denne månaden, så kan han seie kva for veke bomstasjonen på brua blir fjerna.

Sykkylvsbrua vart opna i oktober 2000. Ho er 860 meter lang, og kosta 150 millionar.

Selskapet fekk lov av Stortinget til å drive bompengeinnkrevjing i 15 år. Men det var ikkje nok til å få nedbetalt brua.

Så etter søknad har det private bruselskapet to gonger fått utvida bompengeperioden – siste gong ut 2018.