Coast Seafood ser at hekkande krykkjer ikkje let seg kombinere med matproduksjon hos dotterbedrifta Måløy Seafood.

Difor ønskjer dei å flytta fuglane på ein skånsam måte og meiner løysinga er å byggje reirhyller under Måløybrua, skriv Fjordenes Tidende.

50 reirhyller

– I første omgang er vi i dialog med Statens vegvesen for å få sette opp 50 reirhyller på brupilarane. Om desse blir etablerte, ser vi føre oss at vi kan flytte fuglane vidare utover mot Moldøen.

– Då får vi dytta dei lenger vekk frå Måløy Seafood og dei som driv verksemder under brua i Måløy, seier fiskeribiolog Per Otto Hjertnes i selskapet Lutra AS.

Han samarbeider med Coast Seafood om fleire prosjekt, skriv avisa.

Attraksjon

Hjertnes trur reirhyllene kan bli ein turistattraksjon:

– Fugleturisme trur eg kan bli noko for området. Her er store moglegheiter, spesielt i trekkperiodane. Eg har sett ulike teljingar, og det er høge tal for mange artar, seier Per Otto Hjertnes til avisa.