– Den nye leiaren og nestleiaren for ungdomspanelet, Urtė Karanauskaitė og Ulv Karlsen Ottem, har allereie vore medlemmar av ungdomspanelet i eit år, og kjenner derfor godt til arbeidet som ungdomspanelet skal utføre, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Ungdomspanelet er eit arbeidsutval lagt under ungdomen sitt fylkesting. Dei har om lag ni møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal.

– Valkomiteen skriv i innstillinga si at Urtė er ei engasjert og sprudlande jente som har ein klar visjon for korleis ho vil leie ungdomspanelet det neste året.

Les meir på fylkeskommunen sine nettsider.

Det nye ungdomspanelet:

Leiar: Urtė Karanauskaitė, 17 år, Sande (1 år)Nestleiar: Ulv Karlsen Ottem, 17 år, Sunndal (1 år)Medlem: Lene Vadseth Larsgård, 18 år, Ålesund (2 år)Medlem: Ole Stensby, 18 år, Surnadal (2 år)Medlem: Silje Sandøy Husøy 16 år, Sandøy (2 år)Medlem: Ole August Iversen, 18 år, Aukra (2 år)Medlem: Hedda Haugen, 15 år, Sunndal (2 år)Medlem: Håkon Lykkebø Strand, 21 år, Ålesund (1 år, ikkje på val)Medlem: Ola Mæle, 18 år, Aure (1 år, ikkje på val)

Varamedlemmer (1 år)

1. vara: Andrine Sanden, 18 år, Sula (1 år)2. vara: Gunhild Holm, 18 år, Smøla (1 år)3. vara: Petar Milic, 16 år, Haram (1 år)4. vara: Sigurd Farstad, 17 år, Molde (1 år)5. Vara: Siril Ræstad, 18 år, Midsund (1 år)