Vest politidistrikt melde om ulukka klokka 23.06. Ulukka skjedde ved Langesethøgda på riksveg 15.

Bilen hamna utanfor vegen og ein person satt fastklemt, skriv politiet i ei twittermelding. Det var svært glatt på strekninga, ifølgje politiet.

AMK Helse Førde skriv på Twitter at bilen ligg på sida og at det berre er ein person involvert.

Oppdatert måndag: Måndag opplyser AMK Førde i ei Twitter-melding at personen blei lettare skadd - og er utskriven frå sjukehus.