– Stemninga var høg og jubelen sto i taket i operasalen, seier Gunstein Ohma. Han er leiar for laget Volda Legoklubb, som vann konkurransen. Som premie blir dei sendt til den skandinaviske finalen i Oslo, som er 2. desember.

Leiar Gunstein Ohma.

First Lego League er ein kunnskaps- og teknologikonkurranse for barn og unge i alderen 10-16 år. Konkurransen har vore arrangert sidan 2000. Rundt 900 lag deltek i dei skandinaviske turneringane, medan det på verdsasis er med over 255.000 barn frå over 80 land. Hensikta med arrangementet er å auke interessa for teknologi og vitskap, og stimulere dagens ungdom til å bli ingeniørar og forskerar.

Operasalen

Regionfinalen gjekk av stabelen i operasalen i Nordfjordeid laurdag. 18 lag frå Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal konkurrerte mot kvarandre. Volda legoklubb deltok som tittelforsvararar sidan dei vant regionturneringa også i fjor.

Foto: Andreas Solbakken

Årets tema var Hydro Dynamics.

– Eigentleg kan du seie at vi i år måtte finne ei løysning på eit problem som hadde med vatn å gjere, forklarar Ohma. Han fortel at laget hans valde å sjå på problemstillinga med at det enkelte stadar i Afrika er altfor mykje fluor i drikkevatnet. Dette fører til at folk får skader i skjelettet og kroppen.

– Laget vårt fann ut at bentonitt, som er i leirkrukker, kan trekke til seg fluoren i vatnet og slik gjere vatnet tryggare.

Verdsfinale

Ohma fortel at oppgåva under konkurransen består av fire delar.

Foto: Andreas Solbakken.

– Det er samarbeid, det å lage ein robot, forsking og marknadsføring. Legoen kjem inn i robot-delen fordi roboten blir bygd av lego, seier han.

Foto: Andreas Solbakken.

No skal laget til Ohma legge seg i hardtrening til den skandinaviske finalen i Oslo.

– Derifrå blir fire lag sendt til verdsfinalen i Australia. Men så langt tør vi ikkje å tenke enno. Foreløpig gler alle tolv seg på laget til å få vise kva dei kan i Oslo.

Laget som vann består av desse deltakarane, i alderen 11 til 15 år: Anina Helen Ohma, Mats Adrian Ohma,  Ivar S. Dahl, Leo Thomsen, Amanda Høydalsvik, Angelica Bratteberg, Hanna Belt, Ernst August Simonsen, Magnus Lindtner, Ivar Håkonsson, Onar Håkonsson og Salama Selemun.