I sambandet Skjelten - Lepsøya - Haramsøya er det forseinking i ruta onsdag ettermiddag. Årsaka er at det er berre ei ferje som går.

MF «Os» er ute av drift, og reserveferja MF «Tingvoll» ligg i Kristiansund. Vêret har ikkje gjort det mogleg å krysse Hustadvika, men Norled håper dette skal vere mogleg torsdag.

– Det er eit vindauge på dagen i morgon. Det betyr at reserveferja ikkje er på plass før på kvelden, seier regionssjef Inge Andre Utåker i Norled til Sunnmørsposten. Kapasiteten på reserveferja skal vere den same, 50 personbilar.

Utfordringar med motoren

Fleire gonger dei siste dagane har MF «Os» hatt tekniske problem, og tysdag morgon vart ferja tatt ut av drift. MF «Austevoll» trafikkerte avgangane i B-ruta før den vart flytta over til A-rutetabellen tysdag kveld.

– Det har vore veldig lite klager på dette, og vi takkar for det tolmodet, seier regionssjef Utåker.

Også torsdag blir det ekstra tur frå Skjelten klokka 11.20, Lepsøya 11.40 og Haramsøya 12.00.

Det skal vere utfordringar knytt til maskinen på MF «Os» som er grunnen til at den er ute av drift.

Oppdatering torsdag ettermiddag: Reserveferja ligg no ved kai i Brattvåg.