Dette seier lensmann i Volda og Ørsta- og områdelensmann Guttorm Hagen til Sunnmørsposten torsdag ettermiddag. Han meiner dei fire kvinnene har hatt uflaks, men mest flaks.

– Alt tyder på at dei ikkje er trefte av ramlande steinblokker. Når ein ser dimensjonane på steinane, dei største som halve personbilar i volum, så veit ein kor gale det kunne gått. Skadane på autovernet syner også heilt tydeleg kva krefter som har vore i sving her, konstaterer lensmannen.

Han meiner det må ha vore bortimot uråd for sjåføren å oppdage steinane i vegbanen tidsnok, torsdag morgon om lag klokka kvart på sju.

Bakgrunn: E39: Steinras trefte bil - vegen stengd i Ørsta

Kolmørkt under fjellet

– På dette tidspunktet er det kolmørkt, men stor trafikk begge vegar. Den aktuelle strekninga er heilt utan veglys og ligg rett under mørke fjellfoten.

– Med nedbør i tillegg, seier det seg sjølv at gråsvart stein på ein gråsvart vegbane er svært vanskeleg å oppdage i tide, vurderer lensmannen.

Han sit på historikk som syner at akkurat denne strekninga har vore ustabil og levert stein ned på europavegen ei rekkje gonger opp gjennom åra.

Han er fødd og oppvaksen i nærområdet, og han kjenner dermed topografien her ekstra godt. Såleis ser heller ikkje Guttorm Hagen noko von om å kunne stabilisere eller sikre denne strekninga – i fri luft.

– Tunnel einaste løysinga

– Nei, her må det bli tunnel. Eg veit ikkje sikkert kva alternativ som vil vere best, men han bør minimum gå frå Flåvika i nord, til Grøvika i sør. Eller han kan gå heilt innom Lianeset, då ville vi få sikra også tre kjende raspunkta ved Rindane, like nord for Lianeset, seier Hagen.

Han har også eit tredje alternativ, der tunnelen går under fjorden til sørsida av Ørstafjorden.

Nedbør og sterk vind

Store nedbørsmengder dei siste vekene vert nemnt som ei muleg utløysande årsak til at steinraset gjekk akkurat no. Torsdag morgon var det også svært sterk vind i området.

Når først den mykje trafikkerte E39 vart stengd i heile sju timar, seier lensmann Hagen seg særleg godt nøgd med den alternative trafikkavviklinga.

– Korleis?

– Nei, hadde vi ikkje hatt Eiksundtunnelen ein slik dag så hadde det vorte full kork.

– Og når ferjekaiene no har vorte standardiserte, slik at ein berre kan ta ut eine Festøy-ferja og setje ho rett inn i det alternative sambandet Sulesund–Hareid, ja då snakkar vi om både beredskap og funksjon, seier Guttorm Hagen nøgd.

Måtte bråbremse

Sunnmørsposten snakka med tre karar som var på veg nordover til Vartdal rett etter at raset gjekk torsdag morgon. Den fremste av dei måtte hogge skikkeleg i bremsene for ikkje å køyre inn i bilen som ikkje greidde å stoppe.

– Det var nære på, men heldigvis såg eg bremselysa i tide, seier mannen, skjelven etter å ha måtta manøvrert like ved kampesteinane. Dei fire kvinnene tok seg motsett veg ut av raset, nordover.