– Dette er kjempeviktig for regionen, og særleg no når privat næringsliv har utfordringar og arbeidsløysa er ganske høg, seier Gonnie Smit, ei av dei som har statleg jobb i Møre og Romsdal.

Ho pendlar frå Hareid til jobben som studiedirektør ved Høgskulen i Volda. På nabokontoret jobbar to som pendlar frå Ulsteinvik. Både Eiksundsambandet og Kvivsvegen har opna opp for tilsette i ein større bu- og arbeidsmarknadsregion.

Ville gitt 6000 jobbar

Berre Rogaland har prosentvis færre statlege jobbar enn Møre og Romsdal, ifølgje tal Møre og Romsdal fylkeskommune har henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Tala viser også at fylket går glipp av direkte årleg «innsprøyting» på om lag to milliardar kroner fordi ein ikkje har like mange statlege arbeidsplassar som andre fylke.

Ulike granskingar syner at for kvar ny statleg arbeidsplass, blir det skapt ein halv ny arbeidsplass i andre næringar. 4000 nye statlege arbeidsplassar vil dermed kunne gi 6000 nye arbeidsplassar totalt.

Større variasjon i arbeidsmarknaden gjer også regionen meir attraktiv for tilflytting og busetting. For høgskulen er det

også viktig for rekruttering, når også ein partnar treng jobb.

Poenget for Møre og Romsdal er ikkje å krevje meir rettvis del av kaka, men å fokusere på at fylket treng vekstimpulsar, fleire arbeidsplassar og meir allsidige lokale arbeidsmarknader. Ein viser til at fylket mista 5–6000 arbeidsplassar i «oljepriskorreksjonen».

– Møre og Romsdal er framleis eitt av fylka der sysselsettinga ikkje peikar oppover etter oljekrisa. Vi treng statleg styrking for å kome i gang igjen, seier Oddbjørn Vassli som leiar prosjektet som skal få fleire statlege jobbar til fylket.

Helfo består i Ørsta

Fylket må jobbe for å få statlege arbeidsplassar som blir flytta ut av Oslo.

– Dette er ikkje nokon kvikk-fiks. Det blir ein kamp med andre regionar, vedgår Vassli som også er oppteken av å styrke statlege verksemder som alt er i fylket.

– To av tre arbeidsplassar er knytt til helseføretaket. Pengar følgjer pasienten, og då er det viktig å passe på at det er høg aktivitet på sjukehusa i Møre og Romsdal, seier Vassli.

Eit anna eksempel er Helfo som har 45 arbeidsplassar i Ørsta. Dei skal vedta ny kontorstruktur, og onsdag kom forslaget om at Ørsta skal bestå.

Ved Høgskulen i Volda er offentlege arbeidsplassar ekstra viktig, for dei utdannar mange nettopp til offentleg verksemd.

– Det er viktig for oss å ha ein stabil arbeidsmarknad som vi kan utdanne til, seier Smit og legg til at det også er viktig for skulen å kunne samarbeide med offentleg verksemd.