Det seier fungerande Herøy-ordførar Camilla Storøy (KrF), og legg til at det har vore mykje snakk og spekulasjonar kring brua.

Torsdag la fylkeskommunen fram rapporten frå firmaet Dr. techn. Olav Olsen.

Konklusjonen i rapporten er at brua er trygg å bruke, men at ho ikkje vil vare lenge, utan at det blir gjort tiltak.

– Konklusjonen i rapporten er vel som venta, seier Storøy.

Herøy-ordføraren seier at kommunen sitt syn er likevel krystallklart: Dei vil ha ny bru.

Frå fem til 40 år ekstra levetid

I samband med arbeidet med rapporten, som blei bestilt av fylkestinget i juni i år, er det gjort nye undersøkingar og ein har henta inn dokumentasjon frå då brua blei bygd.

Rapporten frå Dr. techn. Olav Olsen skisserer tre ulike alternativ for vedlikehald:

1. Ingen tiltak, men auka overvaking og levetid på om lag 5 år.

2. Gjentakande vedlikehaldstiltak, for levetid på om lag 10 år.

3. Omfattande vedlikehaldstiltak og forsterking, for levetid på om lag 40 år.

– Aksepterer berre alternativ 1

Snart skal det takast stilling til kva som skal gjerast med kryssinga av fjorden på staden. Ei utgreiing frå Statens vegvesen skal vise omfanget og kostnader for ulike alternativ og saka blir lagt fram for politisk behandling i mars neste år.

Bjarne Kvalsvik (UVS) sit i samferdslekomiteen i fylket og køyrer brua fleire gonger for dag. Kvart døgn køyrer 18-1900 bilar over brua, opplyser han.

Kvalsvik kan ikkje akseptere anna enn alternativ 1 frå rapporten.

– Brua har store rustangrep, og det er sprekkdanningar. Det verste som kan skje er dersom ein skal byrje å lappe på dette, det ville vere ein tragedie for Nerlandsøya. Det er stor utvikling på øya, og brua har hemma oss lenge, meiner Kvalsvik.

Er redd for ny runddans

Det er fem år sidan det vart kjend at både Nerlandsøybrua og Remøybrua i Herøy må byggast nye om få år. No er det meste av planarbeidet gjort. Men eit fleirtal i samferdsleutvalet er redd for at ei 20-metersbru blir for dyr. Tidlegare er det antyda ein pris på 430 millionar kroner.

– For meg ser det ut til at det blir ein ny runddans. Ei særleg mykje lågare bru må truleg gå andre stader. Då har vi forspilt fem år. Den moderne sjarkflåten treng å gå Vaulane. Det kan no hende at 17 og 15 meter kunne vere tenleg, seier Kvalsvik.

Den siste tida har det vore lysregulering på brua, for å minske tyngda på trafikken. Seksjonsleiar Per Ove Nydal i fylkeskommunen seier at inntil vidare vil ein behalde desse lysa, fordi dei også regulerer trafikken godt på den smale brua.

– Du kan trygt køyre over Nerlandsøybrua slik som den er i dag. Vi vil no finne den beste framtidige løysinga for å krysse fjorden over til Nerlandsøya, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Camilla Storøy er fungerande ordførar i Herøy. Foto: Terje Engås
Fylkespolitikar Bjarne Kvalsvik (Uavh.) Foto: Torill Myren